Ørsta-Volda lufthamn Hovden har søkt om dispensasjon frå regelen som seier at dei tilsette i tårnet i klart vêr skal kunne sjå heile flyplassen sine manøvreringsområde, rullebana sine sikkerheitsområde, inn- og utflygingsretningane etc.

Ikkje full sikt

Tårnpersonellet har ikkje full sikt i innflygingssektor vest, og har vanskar med å sjå heile landings- og sirklingsrunda.

Søknaden om dispensasjon handlar hovudsakleg om HMS-relatert arbeid som bygningsmessige og tekniske forbetringar.

Luftfartstilsynet vurderer at det skisserte tiltaket for å kompensere for avviket ikkje er tilstrekkeleg skildra i søknaden, og dei ber Avinor om å skildre meir i detalj korleis ting kan verte forbetra.