Det er ein regnvåt fredag føremiddag i februar. Coop Marked i Barstadvik har nettopp opna for dagen, og ein av dei første kundane er Olav Linge, ein trufast kunde. Han registrerer at omsetninga gått feil veg siste tida, og at færre handlar i butikken som i fjor selde varer for 5,6 millionar. Det er ein liten nedgang samanlikna med 2016.

coop: Elsa Barstad er ein svært trufast butikkunde i Barstadvik. – Sjølv om eg er i Ørsta, ventar veg med å handle til eg kjem heim, fortel ho. Her saman med butikksjef Solveig Sørheim. Foto: Roy-Arne Folkestad

Signal

Sjølv om det ikkje blinkar blått for eksistensen, er signala klare frå butikkeigar Coop Vest: Omsetninga er for låg til at butikken har god drift. Og oppmodinga til folket er å bruke butikken meir.

Olav Linge gjer i alle fall sitt til å halde oppe omsetninga. Han har i alle år handla på samvirkelaget i Barstadvik. Og det skal han gjere så lenge den snart 82 år gamle mannen er i live, forsikrar han. No er Linge bekymra for butikken.

– Folk i bygda må forstå alvoret. Og dei må tenkje seg om når dei skal kjøpe mjølka og brødet, oppmodar han.

Ikkje lenge etter at Linge forlèt butikken, kjem Elsa Barstad, ein annan trufast kunde, innom på helgehandel. Også ho har fått med seg at salet sviktar.

coop: Elsa Barstad finn stort sett det ho treng i Coop-butikken i Barstadvik. Ho handlar alle matvarer der sjølv om nokre varer kan vere dyrare enn andre stader. Foto: Roy-Arne Folkestad

Trasig

– Situasjonen er trasig. Eg håper inderleg vi får ha butikken, viss ikkje, vert Barstadvik ei død bygd, meiner dama som er inne i sitt åttiande år. Og her snakkar vi om ein trufast kunde utanom det vanlege:

– Sjølv om eg er ein tur i Ørsta, ventar eg med å handle mat før eg er tilbake i Barstadvik. Eg handlar alltid her, sjølv om det kan vere litt dyrare.

coop: Litt sviktande omsetning pregar Coop-butikken i Barstadvik, og bygdefolk vert oppmoda om å bruke butikken meir. Foto: Roy-Arne Folkestad

Butikksjef Solveig Sørheim har jobba på butikken i vel eit par år. Ho meiner det er fleire forklaringar på at salet har gått ned.

– Etter at skulen vart lagt ned har vi ikkje lenger skuleelevar som kundar. Dei var dagleg innom då dei gjekk på skule like oppom europavegen. I tillegg har vi mista sjåførane av trailerar og varebilar. Det skjedde etter at det vart bygt midtrabatt der desse bilane brukte å parkere. Og no køyrer dei berre forbi oss, konstaterer Sørheim.

Ho ser ikkje bort frå at ein del kundar ikkje er nøgde med vareutvalet i butikken og prisnivået.

Innspel

– Vi lyttar til alle innspel frå kundane, og prøver så godt vi kan å halde nede prisane og har eit så breitt utval som vi klarer, seier butikksjefen.

Solveig Sørheim har inntrykk av at dei eldste kundane er mest lojale overfor butikken.

Trivsel: Trivselsfaktoren er høg i butikken, seier butikksjef Solveig Sørheim som finn stor glede i god og nær kundekontakt. Foto: Roy-Arne Folkestad

– Yngre folk har ikkje same lojaliteten til samvirkelaget. Ikkje for det: vi har også ein del yngre kundar som handlar fast hos oss. Og så har vi ein del drop in-kundar, ikkje minst om sommaren, då turistane kjem og går i fjellet. Det merkar vi godt, fortel Sørheim.

Coop-butikken har tre faste tilsette pluss ein ekstrahjelp. Solveig Sørheim har tidlegare jobba på større Coop-butikkar i Ørsta og Volda. Det likte ho godt, men ho likar endå betre å jobbe på Coop i Barstadvik.

– Dette er heilt annleis enn å jobbe på ein stor butikk med alt stress ein finn der. Her har eg meir varierte arbeidsoppgåver, her er rolegare og så har vi ein kundekontakt som ein ikkje finn i storbutikkane, erfarer 29-åringen.

For bygda meiner ho butikken er meir enn ein stad der folk kan gjere unna handelen.

Kaffi

– Her møtest folk for å prate, og her er det dagleg børs der vi spanderer kaffi, og av og til kaker. Hit kan folk kome og henge opp plakatar og slikt. Dette er nok ein viktig møtestad for mange, trur butikksjefen.

coop: Etter at det vart bygt midtrabatt på europavegen, er storbilane sin parkeringsplass fjerna. Og no stoppar dei ikkje lenger ved butikken. Foto: Roy-Arne Folkestad

Ho stortrivst saman med svært hyggelege kollegaer og like kjekke kundar.

Men ho likar ikkje at det no er ei viss uro kring butikken.

– Mange spør meg korleis det går, ja, dei verkar bekymra. Her er ein del folk i bygda som ikkje køyrer bil, og det vil verte vanskeleg for dei viss butikken skulle verte avvikla. Då er Vartdal næraste alternativet, fortel Sørheim.

Skulle det verste skje, og butikken verte nedlagt, meiner ho det vil vere alvorleg på fleire måtar.

– No når her ikkje lenger er skule, er butikken svært viktig for bygda sin attraktivitet. Skal Barstadvik få auka busetjing, er det avgjerande at her er ein butikk, meiner Sørheim som sjølv bur i Hovdebygda.

Brenn

Oppmoding: – Bruk butikken vår meir, er oppmodinga frå Signe Turid Barstad. (Arkiv).

Også Signe Turid Barstad er glad i butikken i Barstadvik. Den tidlegare lokalpolitikaren sit i butikken sitt butikkråd, og ho brenn for ei framtid for Coop i bygda.

– Folk må støtte opp om butikken slik at vi ikkje mister han, og ein må prøve å få til eit godt varegrunnlag. Eg meiner butikken er liv laga. Men det er ein føresetnad at drifta er skikkeleg, seier Barstad.