Volda-ordførar Jørgen Amdam prøvde etter beste evne å liste opp dei viktigaste verva og stillingane Bø har skjøtta gjennom eit langt og arbeidsamt liv. Framom eit samla kommunestyre las Amdam opp grunngjevinga Volda kommune sendte til Kongen, som førte til at Bø fekk fortenestemedaljen.

Skule og kristendom

–  Eilert Bø var institusjonsbyggar i skuleverket i 35 år, mellom anna lektor på Volda gymnas, ordførar i Volda frå 1976-79, sentral i utforminga av reforma i 1994 som ga alle som har fullført grunnskulen rett på vidaregåande utdanning. Han var aktiv i Krf frå 1968 til 1987.  Eilert Bø la ned ein solid innsats i Engeset søndagsskule, Kfuk-Kfum og aktivitetar knytt til Uppheim, her vi er no!

Spent vinnar

Dette var berre dei sentrale delane av den detaljerte og fullspekka grunngjevinga Amdam las opp. Mannen som blir 88 år 15. januar, innrømma at han var spent før han skulle opp og halde takketale. Dottera Anne Marie Bø Bakke satt stolt på første rad ved sida av faren.