Ørsta skisenter har fått preperert traseen, og med gode vermeldingar er det klart for sesongopning.

På Facebooksidene skriv Ørsta Skisenter: "Gladmelding!!!! Slik det ser ut i kveld opnar vi t-trekket til toppen tysdag kveld 18-21. Det vert gratis køyring denne kvelden. Vi tek sikte på å produsere kunstsnø i barnetrekket og kanskje og i parken, så desse vert stengte. "

Det er godt over ein meter snø oppe i bakken. Problemet har vore blaudt underlag i nedste delen, men med kaldare ver har dette blitt betre.

Og voldingane er ikkje dårlegare. "Fantastiske forhold gjer at vi kan starte sesongen tysdag. Alle køyrer gratis", skriv Volda skisenter på si heimeside.