Rekkedal Hill er kommune

styrepolitikar for Senterpartiet i Ørsta, og ho vann fylkeskommunen sin trafikktryggingspris tidlegare i år. I eit lesarinnlegg i Møre-Nytt tar ho eit oppgjer med dei dyre samferdsleprosjekta som er under planlegging.

– Siste antyda kalkyle eg har fått for Hafast, fjordkryssinga over Breisundet, er 60- 70 milliardar. I tillegg kjem ei fjordkryssing frå Ørsta kommune og over Vartdalsfjorden til Hareidlandet sidan det nybygde Eiksundsambandet ikkje er dimensjonert for europaveg. I mine augo er dette galskap, skriv Rekkedal Hill.

Utan gatelys

Samstundes er det skrikande behov for trafikktrygging, og Rekkedal Hill bruker døme frå Ørsta.

–Akkurat som alle andre kommunar, har vi fylkesvegar og riksvegar som ikkje har gatelys, der dei burde. Born står utan busskur og ventar på skulebussen, dei må krysse trafikkerte vegar utan at der er lys. Ein manglar gangvegar. E-39 treng store utbetringar for å ta unna trafikken. Ørsta har til dømes 13000 bilar gjennom sentrum. Ei avlastande bru vest for sentrum må på plass. Lista er lang, skriv Rekkedal Hill.

– Dessutan legg desse gigantplanane som ei klam hand over vidare utbetring av infrastrukturen på land, heilt naudsynte utbetringar og trafikktrygging av vegar vert skyvd ut i tid, i på vente av om fjordkryssingane vert realiserte, meiner Synnøve Rekkedal Hill.