Torsdag morgon gjekk det eit steinras ved Rjåneset. Politiet melder at delar av raset trefte ein bil. Ei kvinne i 30-åra fekk lettare skader opplyser Helse Møre og Romsdag. Vegen er stengd for trafikk, og det er omkøyring via Sulesund, Hareid og Eiksundsambandet.

E39 ved Rjåneset i Ørsta er stengd etter at eit steinras har gått over vegen. Deler av raset har treft ein bil, men det skal ikkje vere personskade, ifølgje ei Twittermelding frå politiet.

– Vi jobbar med å få oversikt. Vegen blir stengd ei stund. Det må geolog inn for å sjekke, og då må det bli dagslys, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal til smp.no

Fire uskadde i bilen

Ifølgje Sætre var det fire personar i bilen som blei treft av raset. Sjukehuset opplyser at ei av kvinnene vart lettare skadd.

Politiet er sikre på at det ikkje var andre i raset.

Ein mann som køyrde bilen som kom nummer to etter raset seier til Sunnmørsposten at han greidde å bremse opp og unngjekk raset.

Bilen framfor blei treft av til dels store steinar, ifølgje vitnet.

Sjåføren i bilen som unngjekk raset fortel også at bilen som blei treft blei ståande fast i raset.

Møre-Nytt sit journalist melder at politiet har sett opp vegsperring ved nedkøyringa til den gamle ferjekaia. Raset har gått lenger nord, langs Vartdalsstranda.

Naudetatane har og plassert folk på E39 ved Hagen, for å informere bilistar om vegstenginga.

Opplysningar som Møre-Nytt har fått frå augevitne så skal det ha rasa før 06.20. Då var ikkje vegbana dekt, og fleire bilar tok seg forbi rasstaden. Augevitnet opplyser også at raset ikkje hadde treft ein bil på dåverande tidspunkt.