Ein person vart påkøyrt i ei trafikkulykke på fylkesveg 655 i Åmdalen torsdag morgon. Like etter klokka ni opplyste politet at fotgjengaren, ein mann i 60-åra, var død.

Ulykka vart meldt litt etter klokka 7.30. Luftambulansen kom raskt, men avgangen vart utsett, fordi den skadde vart behandla på staden.

Luftambulansen reiste med den skadde om lag klokka 8.30, og ikkje så lenge etterpå kom meldinga om at mannen var død.

Ut over dagen gjorde politiet kriminaltekniske undersøkingar på ulykkesstaden.

Bilførar avhøyrd

Politiadvokat Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt seier til Sunnmørsposten at den omkomne skal obduserast.

- Vi har avhøyrt bilførar og han har forklart at han såg ein person gå langs vegen. Då bilen var neste på høgde med personen gjorde denne ei brå rørsle inn mot midten av vegbana. Bilføraren forsøkte å svinge unna, men det var uråd å unngå samanstøyt, forklarar han. Tekniske undersøkingar stadfestar låg fart og treffpunkt, seier Skovly.

Politiet har likevel inndrege førarkortet til bilføraren.

- Dette er gjort etter ei vurdering, og til ein kan fastslå årsaka til ulukka.