Laurdag kveld kunne TV2-pubilkumet sjå at Marna Haugen Burøe, opphaveleg frå Ørsta, ikkje nådde draumen om å nå til topps i "Skal vi danse."

Burøe og partnar Glenn Jørgen Sandaker fekk berre 25 poeng med dommarene i duellen om å gå vidare. Det var den lågaste poengsummen for kvelden.

– Eg er veldig stolt over innsatsen, sa Marna Haugen Burøe etter å ha fått beskjeden om at danseeventyret er over.

Til TV-2 seier ho at ho var budd på at ho rauk ut.

– Eg har ligge på botnen ganske lenge, så jeg er ikkje overraska, sa Marna til God kveld Norge etter resultatet.