Vikebladet Vestposten-journalisten Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll vart fredag valt til ny leiar i Møre og Romsdal Journalistlag. Dette skjedde under årsmøtet i journalistlaget fredag 20. oktober.

Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll tek over etter Håvard Ketil Sporsheim frå NRK Møre og Romsdal.

Journalist i Møre-Nytt, Janne Marit Myklebust, vart valt inn i styret i journalistlaget.

Møre og Romsdal journalistlag arrangerte denne helga årsmøte og haustsamling i Molde. Laurdag heldt den prisløna Dagbladet-journalisten, Bernt Jakob Oksnes, foredrag om korleis han laga reportasjeserien «Gutten i plastposten» som har vunne flere internasjonale priser.