Ørstingen Jan Ove Årsæther gjekk av som nyheits- og sportsdirektør i TV 2 i sommar, etter 17 år Tv-selskapet. Bransjebladet Kampanje melder at han no har skipa to nye selskap, Story og Story Media. Begge selskapa vart stkipa 11. september, og har som formål å drive med film- og tv-produksjon.

Men han vil ikkje ha merksemd om selskapa. - Eg kjem ikkje til å seie så mykje om dette no. Du får berre spekulere, men eg har ikkje noko å fortelje om innhaldet i selskapene. Det er for tidlig, seier Årsæther til Kampanje.- Kvifor to likelydande selskap?- Når eg først var i gang å starte selskap, var det så gøy at jeg ikkje klarte å slutte, svarer Årsæther, ironisk.