Innehavar Solgunn Tilseth Breivik frå Lauvstad er meister i blomsterdekoratørfaget. Ho set fagkunnskap og kvalitet på blomster og binderi i sentrum.

- På desse 15 åra har vi hatt ni lærlingar, noko som viser at vi tek rekrutteringa til faget på alvor, seier Tilseth i ei pressemelding.

Solgunn Tilseth kjøpte butikken av faren Erling. Han kjøpte Annes Blomster som heldt til i Staurset sine lokale i i Ørsta, og dreiv der eit par år. Før den tid jobba Solgunn i hagesenteret på Rotset i Volda i fleire år og lærte mykje av faren.

- Eg lærte om kundebehandling, korleis ein skal vere profesjonell, yte sørvis, gi plantene lys, luft og vatn blant anna. Erling dreiv hagesenteret i 40 år før han kjøpte eigendomen i Furene og etterkvart overlet det til dei tre borna sine. På ein rundtur rundt i regionen kan ein sjå mange praktfulle hageanlegg som han er ansvarleg for, blant anna parken ved sjukehuset i Volda og Fosnavåg sentrum, fortel Solgunn.

Etterkvart fekk Solgunn høyre om Amfi-planane og var tidleg på bana og viste interesse der. Staurset trengde lokala sine sjølv og dei måtte bestemme seg. Dei gjorde då ein avtale om å leige lokale på Fokus, det som no heiter Ørsta Torg. Då kunne dei  vurdere litt før dei tok avgjerda om å signere på Amfi, og dei har ikkje angra ein dag på dette valet. Det er der det skjer og der kundane er.

- Vi har fantastiske kundar frå Volda, Hornindal, Stryn, øyane og også frå Ålesund. Det er kjekt og gir dei motivasjon og inspirasjon til vidare drift. Gode samarbeidspartnerar er mellom anna gravferdsbyrået, bedrifter og hotella i området, fortel Solgunn.

Handverk

Ho meiner det som kjenneteiknar butikken hennar er handverk. Dei har ein stor produksjon av bukettar, dekorasjonar, brudebukettar, kransar, kistedekorasjonar og alt til gravferd, overrekking, borddekorering m.m. No til jubileet tilbyr dei eit stort utval av planter, snittblomster og ein ekstra stor produksjon av binderi i alle variantar.

- I dag vert det selt blomster overalt, men handverket deira er ikkje å få kjøpt på bensinstasjonar og daglegvare. Dette er grunnlaget deira og er det dei lever av.

Tilseth har fem tilsette blomsterdekoratørar med fagbrev og ein lærling som er lærling nummer ni.

- Arbeidskrafta er stabil og solid. Monica har vore her lengst med 13 år i bedrifta. Andre tilsette har også vore her i fem år og meir. Det einaste vi har skifta er lærlingar og ekstrahjelper. Elles har dei ein solid grunnstamme. Alle dei tilsette er veldig dyktige, svært profesjonelle og fagleg solide handverkarar. Dei har fleire gongar vunne meisterskap og også delteke på NM. Det er godt å ha slike tilsette som ein t.d berre kan sende på innkjøpsmesse med budsjett så ordnar dei ut, fortel Solgunn i pressemeldinga.

Då ho var ute i mammapermisjon for eit par år sidan var det dei tilsette som dreiv butikken.

- Slikt gjer ein seg nyttige erfaringar av og bedrifts-organisasjonen er sterkare enn nokon gong.

- Mange har også fått med seg at dei har fått ein ny glasveranda på sjøsida. Dette er ein ny og betre inngang for kundar og her skal også jubiléet feirast. Tilseth Blomster driv ein solid butikk men kviler ikkje på laurbæra.

-Jentene på Tilseth Blomster  jobbar kvar dag for at du som kunde skal få det «lisje» ekstra som du ikkje får alle andre stader. I tillegg prioriterer dei å halde seg oppdatert gjennom kurs, mesterskap og faglige samlingar slik at dei heile tida kan vere i forkant. Målet er å ha landets beste blomsterbutikk. Kom og gjer deg opp di eiga meining og feire 15 år med godt handverk ilag med oss med kaker, kaffi, supertilbod og  blomstrande overraskingar, inviterar jentene på Tilseth Blomster.