Dei unge vaksne på Bjørke vil ut av Ørsta kommune og inn i «nye» Volda kommune.

Det går fram av ei pressemelding ei gruppe som kallar seg «dei unge vaksne på Bjørke» har sendt. Der gjer dei det klart at dei vil melde bygda ut av Ørsta kommune – og inn i «nye» Volda.

– Ynskje om å ta del i «nye» Volda kommune kjem som ein naturleg konsekvens av at Kvivsvegen vart realisert. Den nye infrastrukturen har gitt innbyggjarane på Bjørke ei fantastisk moglegheit for framtidig utvikling av bygda. Vi ser at Hornindal har hatt vekst etter vegopninga og det vil vi vere ein del av.

Årsmøtet i Bjørke Grendalag har bede styret om å skaffe fram informasjon før ei eventuell grensejustering. Dette har grendelaget gjort, men «dei unge vaksne» er ikkje nøgde med informasjonen, som dei meiner inneheld feil om saksgangen.

– Vi vel derfor å sende inn ein søknad om grensejustering slik at prosessen startar i rett rekkefølgje og vert behandla av rett instans, slik at alle kan få den nøytrale informasjonen som det var ei forventning om, skriv dei unge på Bjørke.