Grønlandsfararane Linda Eirin Eiken og Therese Moe Øye er i mål.

– Nansenruta 2017 har gjennomført oppdraget og kryssa den grøndlandske innlandsisen i Fridjof Nansens fotspor. No er damene landfast, og skal berre tusle seg ut til vatnet for pickup av sjøfly, som vil ta dei til Nuuk, heiter det på Nansenruta 2017 si Facebook-side.

Dermed har Linda Eirin Eiken og Therese Moe Øye nådd målet om å krysse Grønland heilt åleine - utan gaid.

Etter at Eiken og Øye i førre veke låg vêrfaste i storm med lemurar som måtte byggast opp to gonger, endra vêret seg. Og då gjekk det raskt framover.

På Facebook har damene siste dagane kome med fleire oppdateringar der dei fortel om flatt lys, dårleg sikt, mange bresprekkar, nokre smeltevasskanalar – og at dei snart er tomme for sjokolade men elles i tipp topp form.

For å løyse problemet med klabbeføre har dei smurt solkrem på fellane.

– Vi har funne oss ei sikker telttomt mellom to flotte bresprekkar. Vi må vere merksame når vi skal på do i natt, skreiv damene m.a.

Dei starta turen i slutten av august og rekna med å bruke 25 dagar på isen.

Miranda Myrseth Tryggeset måtte avbryte turen over Grønland grunna sjukdom.

Grønlandsfararane er venta tilbake i Ørsta på søndag.