AV-senteret AS i Volda har overdrege drifta av Norsk Nettskole til tilsette og partnarar i Aurskog og Nederland.  To nye selskap er skipa for å vidareføre drifta. Norsk Nettskole AS i Aurskog vidarefører den delen av verksemda som gjeld kurs- og kompetanse.

-–16.000 norske lærarar har vore på nettbasert kurs frå Norsk Nettskole sidan oppstarten i 1998.  Bedrifta tilbyr også kompetanse og verktøy for fjernundervisning i Norge og utlandet, skriv Norsk Nettskole i ei pressemelding.

PedIT

PedIT AS i Aurskog er eit nytt selskap som tar over drift, utvikling og sal av læringsplattformen PedIT. Fleire firma i Noreg og Nederland er no eigarar saman med AV-senteret i Volda.  Det er inngått ein forhandlaravtale for alle land utanom Norden, med Integrat-Ed i Nederland.

–I første omgang vert drifta vidareført som før, men nye eigarar satsar også på nye marknader, opplyser Gjermund Eikli  Daglig leder Pedit AS og Norsk Nettskole AS.

Omorganiseringar

Dette er ein konsekvens av omorganiseringar ved AV senteret i Volda.

– Vi i Volda skal halde fram som før med Globalskulen og AV-senteret, seier dagleg leiar i AV-senteret Sverre Leivdal.

Det er 30 tilsette knytt til AV-senteret i Volda. Regjeringa ville ta vekk løyvingane til Globalskulen i Statsbudsjettet for 2017,men snudde etter protestar.