Øyehaug er mangeårig leiar for friidrettsgruppa i Ørsta Idrettslag. Under Ørstaleikane i helga fekk han "Friidrettens venners pris", for sitt frivillige arbeid.

– Olve Øyehaug har i mange år lagt ned ein stor innsats for friidretten, og dette har vorte lagt merke til både på krinsnivå og på landsnivå i friidretten. Difor får han prisen i dag frå friidrettsfolket, og det er kjekt at det er eit blomstrande friidrettsmiljø i Ørsta no under god leiing av Olve, sa leiar i Møre og Romsdal Friidrettskrins, Olav Hansen då han overrekte prisen på vegner av Norges Friidrettsforbund.

Overraska

Olve Øyehaug vart tatt på senga av merksemda. Han stod i speakerbuda og visste ikkje kva som var på gong.

– Dette var ei uventa utmerking. Her i Ørsta er vi mange som gjer frivillig innsats i friidretten, slik at det på langt nær er berre meg som fortenar denne prisen, sa ein audmjuk og overraska friidrettsleiar.

Vel 200 born deltok i Ørsteleikane, og Møre-Nytt kjem tilbake med dekking av arrangementet.