Ein bilførar er meld til politiet etter ei utforkøyring i Rindane torsdag ettermiddag.

Bilføraren hadde ikkje førarkort, og føraren er mistenkt for å ha køyrt med rus. Bilen til vedkomande vart avskilta.

Bilføraren vart ikkje skadd i utforkøyringa, melder politiet.