Dette vart offentleggjort under eit møte i Hornindal torsdag kveld.

To namneforslag kom det særleg mange av til for nytt kommunenamn og heraldikk: Volda og Kviven. Komitéen vurderte begge som gode forslag, og i avgjerdsrunden var det desse to det stod mellom.

- Når to kommunar skal slåast saman, har ein to val når den nye kommunen skal få namn. Ein kan velje eitt av kommunenamna, eller finne eit nytt namn. Nytt kommunenamn er mest aktuelt når dei to kommunane er tilnærma likeverdige i folketal. Men det er ei krevjande løysing å ta i bruk eit nytt og mindre kjent namn, for det vil ta lang tid å innarbeide, seier komiteen.

- I dette tilfellet har vi med to kommunar å gjere, der den eine, Volda, har kring seks gonger så mange innbyggjarar som den minste (Hornindal). Fleire omsyn gjer at Volda peikar seg ut som det mest naturlege kommunenamnet ved samanslåinga av Hornindal og Volda, meiner komiteen.

Innarbeidd

Gruinngjeving for at namnet skal vere Volda:

1. Eit innarbeidd og godt kjent namn. Som administrativt namn er Volda (før 1917: Volden) langt eldre enn Hornindal. Volda har vore eigen kommune sidan 1837, og Volda-namnet har vore knytt til prestegjeldet iallfall sidan 1589. Hornindal var eigen kommune frå 1867 til 1964, og har stått åleine frå 1977 fram til i dag.

2. Tradisjon for namnegjeving ved kommunesamanslåing. Det har ved tidlegare kommunesamanslåingar vore praksis at den nye kommunen får namnet til den største av dei samanslegne. Tradisjon treng ikkje vere argument for framhald av det same, men i dette høvet har det vist seg å fungere bra. Døme: Då Dalsfjord kommune kom med i Volda kommune frå 1.1.1964, vart namnet Volda. Vartdal kommune og Hjørundfjord kommune vart slegne saman med Ørsta kommune frå same tidspunktet. Den nye kommunen fekk namnet Ørsta.

3. Volda er, ved sida av Kviven, det namnet som har størst frekvens mellom innkomne forslag til kommunenamn ved samanslåing av Hornindal og Volda. Det er eit omsyn som ikkje er avgjerande, men det er rett å leggje vekt på det også.

Det var sterk interesse for namnespørsmålet, og heile 69 personar sende inn forslag til nytt kommunenamn innan fristen 10. mai. Komitéen for kommunenamn og heraldisk profil har vurdert arbeidet med namn på den nye kommunen som svært viktig. Det har med identitet å gjere. Folk flest bør både godta og like namnet påheimekommunen. I dette høvet skal to omtykte og vel etablerte kommunenamn erstattast av eitt. Komitéen har i dei fire møta drøfta framgangsmåte i arbeidet, og kva omsyn ein burde leggje vekt på som grunngjeving for tilråding til kommunenamn.