Aam, som har jobba i Sunnmørsposten i mange år, og som startar i Møre-Nytt 1. juli, fekk prisen saman med  fotogrfaf Ståle Wattø i Sunnmørsposten for beste featuresak: "La nota gå ". Dette er ein reportasje frå makrellbåten “Fiskeskjer”.

I reportasjen får lesaren innblikk i korleis det er å jobbe på ein fiskebåt. Gjennom skildringar og bilete av livet om bord får ein kjenne på stresset når ting går skeis – og gleda når nota sit der den skal.

Juryen skriv i si grunngjeving at denne saka tek føre seg eit tradisjonelt yrke, som de fleste trur dei kjenner til, men som vi, ut frå korleis denne saka er framstilt, erfarer at vi kanskje ikkje visste så mykje om likevel. Gjennom effektive visuelle grep både i bilete og presentasjon vert vi som lesarar dregne inn i saka, og tekst og tale bringer oss rett inn i hendingane som vert formidla. Nerven i fortellinga vinn over ein smule språkrusk, samt vindstøy i videoen. Solid feature! Meiner juryen som har vore Britt Ingunn Maurstad, redaktør Storfjordnytt, Tormod Utne, lektor Høgskulen i Volda og Magnar Fjørtoft, faglærar ved Molde videregående skole, avdeling Medier og kommunikasjon.

Journalistane Torbjørn Vidhammer, Sofie S. Flem og Liv Jorunn Håker Ottesen, Sunnmørsposten, fekk prisen for beste nyheitssak: "Millionene du ikke fikk vite om".

Saka handla om at minst 44 millionar kroner blei sett av til bonusordningar under bygging av St. Olavs Hospital i Trondheim. Desse bonusane har vore unnateke offentliegheita heilt til Sunnmørsposten kunne fortelle om dei.

Juryen skriv i si grunngjeving at vinnaren viser tradisjonell gravande journalistikk av særs høg kasse, tufta på grundige undersøkingar på førehand, solid arbeid under innhentinga av data, grundig kjeldearbeid, gjennomført godt språk, og ein solid presentasjon som vert styrka av relevante visuelle framstillingar som gir lesaren rask tilgang til kompleks informasjon.

- Saka har gjennomslagskraft, og rokkar ved forsøk på å halde tett og halde hemmeleg i offentleg forvalting. I denne saka er pressa sitt samfunnsoppdrag utført eksemplarisk, gjennom ei klår avsløring av kritikkverdige tilhøve. Ein honnør til alle involverte, både bak det journalistiske arbeidet, og dei som har stått føre den elegante og effektive visuelle presentasjonen av saka, seier juryen.

Foto

Beste foto gjekk til Erik Birkeland, Romsdals Budstikke for eit bilde av "fotballegenda" Daniel Berg Hestad. Han vart takka av med ein «Testemonial Match» på sommaren 2016, eit par månader etter at han sette punktum for ei fantastisk karriere på fotballbanen.

Alle inntektene frå kampen og festen gjekk til Kreftforeningen, omlag ein halv million kroner. Biletet er teke i det kapteinen sjøl kjem på banen, som sistemann, til full hyllest frå med- og motspelarar. Det speglar den hyllest og respekt han mottek på veg ut på bana til sin aller siste kamp, nr. 901.

Utdelinga av prisane skjedde på Våsamlinga til Møre og Romsdal Journalistlag i Ålesund fredag 5. mai.