Åmdal tok imot samarbeidslaget Gjerdsvika IL/ Larsners/Gursken FK i serieopninga i 6. divisjon avdeling to. Gjestene opna kampen best på Legene, og skapte nokre sjansar. Etter åtte minutt gjekk eit frispark langs bakken og i mål for bortelaget og 1-0. Først etter 24 minutt var Åmdal farleg frampå for første gang. Tre minutt seinare spelte Tore Liaskar flott gjennom Terje Rebbestad, men lobben til vingen gjekk like over mål. Ti minutt før pause var Rebbestad igjennom igjen. Han vart felt, og straffespark til heimelaget. Frå straffemerket var Svein Erik Grevsnes sikker og utlikna til 1-1. Fire minutt seinare slo Andre Dvergsdal eit frispark inn i feltet, og Vebjørn Osdal ekspederte ballen i mål på vakkert vis. Åmdal var i leiing i berre eitt minutt før gjestene slo tilbake, og laga gjekk til pause på stillinga 2-2.

I 2. omgang hadde Åmdal kontroll på det meste i første halvdel. Gjerdsvika fekk tildelt eit indirekte frispark midtvegs i omgangen, og avslutninga gjekk i tverrliggjaren. Gjestene kom litt meir med i kampen etter sjansen, men vart redusert til ti mann og litt seinare til ni mann. Ein av dei nye spelarane til Åmdal, Johan Liseth Pedersen, avanserte flott i bana før han avslutta frå rundt tjue meter med eit kvarter att av kampen. Skotet flaug forbi målvakta, og Åmdal var i føringa. Håvard Rotevatn og Sigurd Nybø var nær ved å auke leiinga, men litt ut av ingenting utlikna gjestene på eit longskot. Begge lag gjekk for tre poeng, men det var Åmdal som kunne juble. Pedersen slo eit hardt innlegg som målvakta gav retur på, og Arne Inge Solgard sikra tre poeng til heimelaget. På overtid fekk gjestene tildelt sitt tredje raude kort for kvelden.

Sæbø er mange spådd som favoritt i 6. divisjon avdeling 2, og har sjølv eit mål om å vinne divisjonen. Onsdag tok dei imot Moltustranda på heimebane, og det skulle bli ein målrik kamp for heimelaget. Spelande trenar Mats Riise gav heimelaget leiinga, og bror Marius Riise dobla til 2-0. Mats Riise auka til 3-0 før Mikkel Riise ordna 4-0-leiing. Terje Haugen Øye skåra sitt første for sesongen etter 24 minutt av 1. omgang, og spissmakker Ronnie Furset auka til 6-0. Haugen Øye skåra det siste målet i løpet av dei første 45 minutta, og Sæbø gjekk til pause med 7-0-leiing.

Etter kvilen sette Furset inn sitt andre for kvelden før Mats Riise skåra sitt tredje. Haugen Øye skåra Sæbø sitt tiande mål i kampen, og Marius Riise auka leiinga til 11-0. Haugen Øye fastsette sluttresultatet til 12-0, og dermed fekk Sæbø ein draumestart på sesongen.

Vartdal tok turen til Fosnavåg i første serierunde, og møtte Bergsøy 2. Til pause låg Vartdal under 0-2. I 2. omgang ordna tidlegare Volda-spelar Ole Magne Rotevatn 3-0-leiing for heimelaget, og det enda med tap i første seriekamp for Vartdal.

Johan Pedersen jublar for 3-2-skåringa mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken onsdag. Åmdal vann kampen 4-3.