Kvar januar går den tradisjonsrike Tillitsmannskonferansen til Framstegspartiets Ungdom av stabelen på partikontoret i Oslo. Konferansen har blitt arrangert kvart år sidan 1981. Denne gangen var hundre tillitsvalde FrP-ungdomar frå heile landet samla for å få fagleg påfyll.

- Det er utruleg morosamt å få møte så mange engasjerte ungdomar frå andre stadar i landet, og ikkje minst veldig lærerikt for oss tillitsvalde, seier Anbjørn Steinholm Frislid, formann i Ørsta/Volda FpU.

Konferansen blei også gjesta av nokre av FrP sine topp-politikarar i regjeringsapparatet og personar frå privat næringsliv. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen var ein av statsrådane som hadde teke turen for å møte ungdomsorganisasjonen.

- At vi får møte både statsrådar, stortingsrepresentantar og dyktige folk frå næringslivet gjev oss ei skikkeleg vitamininnsprøyting til å stå på vidare, legg han til.

Får gjennomslag

I haustens mykje omtala statsbudsjett frå H/FrP-regjeringa, og påfølgjande forhandlingar med KrF og Venstre, var det ei rekkje saker som ungdomspartiet er fornøgde med å ha fått gjennomslag for.

- Vi er utruleg fornøgde med at frikortgrensa har blitt auka nok ein gong, slik at ungdomar som står på ekstra straffast i mindre grad. No kan ein tene heile 55.000 kroner skattefritt. I tillegg er vi svært fornøgde med at budsjettet til vegane er auka med nesten 50 prosent etter at FrP kom inn i regjering, seier Frislid.