Ivar Sandnes heiter den nye direktøren på møbelverksemda Fora Form i Ørsta.

55-åringen, som opphaveleg kjem frå Eidså i Vanylven, startar i stillinga 17. oktober.

- Eg ser fram til å jobbe i Fora Form. Dette er ei spennande bedrift med mykje historie. Det ligg mykje kompetanse i fabrikken, og Fora Form er ei sterk merkevare og ei verksemd som er ein sterk aktør i marknaden, seier Sandnes.

Han vart presentert som toppsjef på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Sandnes seier han ønskjer å bearbeide den norske marknaden og satse sterkt på produktutvikling. Han meiner det er behov for å få opp aktiviteten innan dette.

Ivar Sandnes bur i Ålesund, og skal pendle til fabrikken på Mosflata.