Mange kjenner Simone Eriksrud som vokalist i D’Sound. I det siste har ho vore oppteken med å lage nye låtar, denne gongen på dialekt. Låtane har ho delt i strøymetenester denne vinteren, og dei har fått mykje merksemd.

– Eg hadde eigentleg mista litt trua på dette materialet. Men så framførte eg ein song på ein konsert der Bugge var til stades, og han sa eg måtte gje dei ut. Sidan han har skulda for at songane vart publiserte, er han nøydd til å vere med meg på scena i Aasen-tunet, ler ho.

Eriksrud er fødd i Tyskland og flytta til Volda som åtteåring. På konserten vil ho også framføre tyske songar som har inspirert henne gjennom karrieren hennar.

– Det blir ei salig musikalsk blanding, men den raude tråden ligg i uttrykket eg og Bugge har i lag. Vi har god scenekjemi, og Bugge er god til å improvisere i augneblinken. Kanskje blir det rom for allsong òg, seier Eriksrud, som gler seg til konserten under Dei nynorske festspela. – Uteamfiet er ein magisk setting for ein slik kveld!

Festspela blir avslutta søndag med det tradisjonelle Aasen-stemnet. Stemnetalen i år er ved Johan Myking, professor og instituttleiar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), Universitetet i Bergen. Johan Pavlovic Trio avsluttar stemnet med eit fyrverkeri av skeive taktartar. Akkordeonisten Jovan Pavlovic er opphavleg frå Serbia, men har utdanning i klassisk musikk frå Trondheim, med folkemusikk frå Balkan som hovudfelt. I Uteamfiet har han med seg Gjermund Silset på kontrabass og Helge Norbakken på perkusjon. Pavlovic lagar og arrangerer musikken sjølv, ein smeltedigel av folkemusikk frå Balkan, tango frå Argentina, jazzimprovisasjon og klassiske element. Eit solid punktum for fire mangfaldige festspeldagar.