– Vi har fått melding fire innbrot i bustader på Søre Sunnmøre i helga. Tre av dei er i Ørsta, medan eitt er i Ulstein, seier politioverbetjent Egil Rustad ved Ørsta og Volda lensmannskontor til Møre-Nytt.

Det er dermed snakk om fleire innbrot på Søre Sunnmøre den siste tida enn det som vart meldt tidlegare tysdag.

Alle i Rystefeltet

Alle dei råka bustadene i Ørsta ligg i Rystefeltet i Hovdebygda.

– Det er fleire likheiter mellom innbrota, og det gjer at vi mistenker at det er same folka som har gjennomført dei. I alle tilfella har folk vore bortreiste. Så det er tydeleg at dette er godt planlagt. Dei har nok køyrt rundt i nabolaga og rekognosert kva hus det ikkje var folk i, seier Rustad.

Tjuvane har også visst på førehand kva dei var ute etter.

– Dei har teke seg inn gjennom å knuse vindauge eller bruke brekkjarn, og dei har teke med seg små, verdifulle gjenstandar. I all hovudsak dreier det seg om edelt metall og edelsteinar. PCar og andre ting i bustadene har dei ikkje brydd seg om.

Få haldepunkt

Politiet har få konkrete haldepunkt i etterforskinga av innbrota.

– Vi har ingen vitneobservasjonar eller liknande, så det er tydeleg at dei har gått fram på ein diskré måte. Gjenstandane dei har stole er også små, og lette å gøyme vekk ved til dømes ein trafikkontroll. Vi sjekkar fingeravtrykk og liknande, men der kan det vere vanskeleg å få resultat. Så vi er avhengige av tips frå publikum.

– Har de mistanke om at det er snakk om ein omreisande bande?

– Vi har hatt saker den siste tida der slike har involvert, så vi veit at dei opererer i området. Men vi har ikkje haldepunkt for å hevde at dette er snakk om slike omreisande her, seier Rustad.

– La lyset stå på

Han oppmodar folk til å ha låg terskel for å seie frå om dei ser noko.

– Om folk ser bilar eller folk i nabolaget som ikkje stemmer med normalen, bør dei ikkje nøle med å seie frå. Om politiet og publikum samarbeider godt her, kan vi få tak i gjerningspersonane.

– Er det andre ting folk kan gjere for å hindre slike innbrot?

– Når folk reiser bort, bør dei kanskje la nokre lys stå på, slik at huset ikkje ser tomt ut. Og så er det å alliere seg med naboar slik at dei følgjer med. I mange tilfelle verkar det også preventivt å montere innbrotsalarm, seier han.

Om du har tips til politiet, er dei å nå på tlf. 02 800.

– Vi har ingen vitneobservasjonar eller liknande, så det er tydeleg at dei har gått fram på ein diskré måte, seier politioverbetjent Egil Rustad. Foto: Kjell Arne Steinsvik