LEIAR

Det er framleis mange kilometer og kilogram att. Likevel, prosjekt trening og kosthald har gjeve resultat. No reiser eg over Atlanterhavet i ein seglbåt, og håper og reknar med å vere tilbake i Møre-Nytt sine spalter i slutten av januar.

Å reise over Atlanterhavet vil vere ei ei lang reise, men det har også vore ei lang reise for meg å kome dit eg er før turen. Men fyrst av alt, lat oss repetere:

Tidlegare Møre-Nytt-journalist Kjell Arne Steinsvik er på jordomsegling.

Han og sambuaren Kristine Nygård sa farvel til Ørsta den 1. august i år.

Det var vemodig. Ikkje berre var Kjell Arne ein flink journalist, men han våga å realisere draumen sin. Det er det all grunn til å ha respekt for. Då han tok laust frå småbåthamna i Ørsta denne dagen stod eg der med to tankar: Den eine at det må gå vel med Kristine og Kjell Arne, og den andre at dette har eg også lyst å vere ein del av.

I 2011 var eg så galen at eg utan noko som helst erfaring sa ja til å vere med på ein segltur over Nordsjøen til Shetland. Tidleg i juli dette året tok vi laust med S/Y Free Bird frå Nordre Vartdal. Om bord var skipper Vidar Johan Vartdal og matros Lars Johan Hammer - i tillegg til meg, kokk og veldig lettmatros Rune Sæbønes.

Sjå glimt frå turen til Shetland i videoen over.

Det vart ein uforgløymeleg tur. Mot vest ei reise i roleg sjø og med besøk av staurkvalar opp mot ripa i solnedgang. Mot aust fire kulingar og ein storm. Då vart vi sett på prøve. Sidan har eg ofte tenkt at eg vil tilbake til havet. Eg er ein av dei som er oppteken av ikkje å gjenta suksessar eller gode opplevingar, og då kan ein seie at havet er havet - uansett kvar ein er.

Slik er det ikkje for meg. Ein ny tur på havet har lagt i bakhovudet på meg sidan den gongen. Og då Kristine og Kjell Arne segla ut frå småbåthamna denne flotte sommardagen, då tenkte eg at dette ville eg vere ein del av. Eg ville ut att på havet.

Av ymse årsaker vart det ingen sommarferie på meg i år.  Med eitt kom oktober, og eg hadde tre og ei halv ferieveke til gode.

Då kom ideen, kva om eg flyttar desse vekene til januar, og spør Kjell Arne om han har behov for mannskap over Atlanteren. Då visste eg at han skulle reise frå Kapp Verde om lag rundt årsskiftet. Eg fekk klarsignal frå min overordna, og eg fekk klarsignal frå Kristine og Kjell Arne: «Velkomen om bord»

Dvask og utrent

Men så såg eg meg sjølv i spegelen. Det var ganske dvaskt. Eg kom til at skulle eg greie å vere med på ein seglas over havet, og samstundes gjere ein innsats, måtte eg kome i betre form. Eg måtte ned i vekt. Difor bad eg om hjelp. Det skjedde på facebook, og hjelpa kom.

Det vart etablert ei eiga løynd facebook-gruppe utan at eg visste det:

«Hjelp Rune Sæbønes i form». Etter nokre dagar vart eg kontakta av desse personane, og dei sa kva som hadde vorte gjort, og at dei var klare til å yte ein innsats.

Eg var fanga

Men samstundes var eg takksam. No var det ingen veg tilbake, og eg kom i gang med trening: To kveldar i veka med spinningsykling i gymsalen på Sæbø, og dei andre kveldane handla om å gå seg i form i det flotte turterrenget vi har.

Facebook er eit merkeleg fenomen. På mange måtar handlar det om sosial kontroll. Og for meg vart det positivt. Eg lova å oppdatere korleis det gjekk, og sidan byrjinga av november har det vorte mest daglege oppdateringar. Eg har ikkje våga å sluntre unna.

Samstundes gjekk eg ut i Møre-Nytt, og varsla eit oppgjer med meg sjølv.

Då la eg eit ekstra lodd til prosjektet mitt.

Korleis har det gått: Vel, eg rasa ned i vekt dei fyrste vekene, flytande feitt og vatn i kroppen vart eliminert. I alle fall kjende eg det slik. Eg trimma og eg åt sunt. Og det har eg forresten halde fram med til dags dato. Vektreduksjonen har no vorte meir «normal» med kanskje ein halv kilo til ein kilo i veka.

Eg er ingen sylfide, men har vorte fastare i kroppen. Eg har oppdaga ting eg heilt hadde gløymt: Eg kan knyte skolissene utan problem, eg kan gå trapper utan å kjenne at eg kollapsar, eg synest det er gøy å gå ein spasetur. Og ikkje minst: Eg har det godt med meg sjølv.

Tusen takk til alle som har hjelpt meg. Det er ei uendeleg god kjensle å vite at folk bryr seg, og gjer noko med det. Eg bad om hjelp, og eg fekk det. Det vil eg aldri gløyme.

No er eg klar for Atlanterhavet. Når dette vert lest, er eg på veg til Kapp Verde for å mønstre på.

Eg ynskjer lesarane av Møre-Nytt eit godt nytt år.

Møre-Nytt-redaktør Rune Sæbønes på turen til Shetland. No skal han ut på nye eventyr.