Kommunen ønskjer å nytte delar av eigedomen som tilkomstveg til det nye byggefeltet.

I 2005 sveltestreika Moe i 41 dagar då kommunen ville ha fatt i grunnen. Den gongen vart saka lagt førebels på is, då kommunen såg at dei ikkje ville ha bruk for vegen dei neste seks til åtte åra. Men no har tida gått, og byggefeltet er i ferd med å kome på plass. Kommunen meiner at dei i 2005 hadde ein avtale med grunneigaren om å kunne ta grunnen i bruk etter at åra var gått, men grunneigaren er av ei anna oppfatning. Dermed går det mot rettssak.

– Om han hadde motsegner skulle han kome tilbake til kommunen med desse. Det har han ikkje gjort, og difor meiner vi at vi har ein avtale, seier fungerande ordførar Paul Kristian Hovden.

Han understrekar at dei hadde håp og tru om at saka skulle løyse seg i minnelegheit, og at han stor respekt for dei som er prinsippfaste og for dei som vil verne dyrkajorda.

– Men så er det slik at når vi har gått alle desse rundane og har funne det tungtvegande at vi skal ha eit byggefelt der, då kjem vi til eit punkt der nok er nok. Og der er vi i dag. Vi ønskjer ikkje å ta frå han hus eller heim, men nokre meter av grunnen hans i øvre del av eigedomen hans for å lage ein veg.

Møre-Nytt har vore i kontakt med Harry Moe om saka, men han ønskjer ikkje å verte sitert.