Ein ung Ålesund-spelar vart råka av hjartesvikt under trening i Fagerlihallen måndag. Ifølgje Sunnmørsposten var det ein lege på plass i nærleiken, men livet stod ikkje til å redde.

Skal spele kvalifisering

Saman med Ørsta/Volda, Størdals/Blink og Steinkjer skulle Ålesund ut i kvalifisering til 2. divisjon i helga. Til Sunnmørsposten opplyser trenar Lars Johansen at klubben har bestemt seg for å melde pass til kvalifiseringa i helga.

– Eg veit det ville vore i spelaren si and at vi på eit tidspunkt fekk spelt kvalifiseringa, men vi får berre kome tilbake til om den vert utsett eller ikkje. Akkurat no betyr det ingenting, seier Johansen til avisa.

Utsett

Ørsta handball skal vere vertskap for kvalifiseringa til 2. divisjon, og den skal arrangerast i Voldahallen. Klubben har bestemt seg for å utsette kvalifiseringa, og den vert arrangert 2.- og 3.mai.