Styreleiar og hovudaksjonær Jan Peter Lannerholm gjekk tysdag til skifteretten med to av selskapa sine.

Det er selskapa Peder Øvstegaard AS og Fjøra AS det er levert inn oppbod på.

– Det er tungt, og ein konkurs har jo berre taparar, seier Lannerholm til Møre-Nytt.

Peder Øvstegaard AS

Konkursen omfattar altså selskapa Peder Øvstegaard AS og Fjøra AS. Peder Øvstegaard AS var Jan Peter Lannerholm sitt hovudselskap. Selskapet har drive innan handel, som Bomann-butikken i Vikegata, og som totalentreprenør og som eigedomsutviklar.

Fjøra AS er eit eigedoms- og prosjektselskap, og har stått for utbygginga av Gågatekvartalet, og som eigar av Ivar Aasen-gata 4 og Fiskemat-bygningen i Webjørn Svendsen-gata.

Gågatekvartalet er mest ferdig. Der er atten leilegheiter i det fyrste byggjesteget, og femten av desse er ferdigstilte og innflytta i.

– Ei av leilegheitene vil vere involvert i konkursen, seier Lannerholm. Det var også prosjektert og søkt om å byggje fem leilegheiter til i ein påbygd femte etasje, og som det no ikkje vert noko av.

Ikkje Hamnekvartalet

Lannerholm poengterer at Hamnekvartalet i Volda ikkje vert råka av konkursen. Her har nye investorar komne inn, og er finansiert sjølvstendig med eit anna banksamband.

Lannerholm-selskapa har slite over tid, og Lannerholm fortel at selskapa lenge har slite med likviditeten. Dei siste månadene har problema eskalert. Selskapa sitt hovudbanksamband har vore Sparebank 1 Søre Sunnmøre, og det vart tysdag klart at selskapa ikkje kunne drivast lenger.

– Vi har over tid arbeidd med å få ned kostnadene i selskapa. Den organisasjonen som vi hadde med tilsette innan handel, sal og prosjektleiing har vorte fortløpande avvikla, og det starta vi med på byrjinga av dette året, fortel Lannerholm.

Tek ansvaret

Han tek alt ansvar for konkursen.

– Eg har stått som eigar, styreleiar og dagleg leiar. Den økonomiske stoda til selskapa er mitt ansvar. Han peikar ut tre hovudårsaker til konkursane.

– For det fyrste var det ei feilsatsing på handel og Bomann-butikken. Vi satsa på eigenimport, og greidde aldri å kome opp i det volumet som kunne ha fått det til å fungere. Det andre er at vi generelt bygde opp ein altfor stor organisasjon for sals, marknads og prosjektarbeidet vedkomande eigedomsutvikling og entreprisar. For det tredje er det ikkje tvil om at det vart satsa for høgt og omfattande. Eigedom er krevjande når det gjeld kapital, og då vanskane kom hadde vi på ingen måte den soliditeten og kapitalreserven som skulle til, seier Lannerholm.

Øvstegaard Bomann AS

Det er altså to selskap som no går til oppbod. Lannerholm har også nyorganisert, og vil drive handverksverksemda vidare i Øvstegaard Bomann AS. Dette selskapet vart skipa 1. august, og har ti handverkarar tilsette.

– Dette vert ei satsing for oss, og vi vil også drive vidare innan konsulent- og eigedomsutvikling.  Då vil vi konsentrere oss om oppdrag for andre som konsulent- og tenesteleverandør. Vi sit framleis på det estiske selskapet Pro-Nor, og har framleis avtale med den estiske modulhusprodusenten Kodumaja, seier Lannerholm.