Det var i mars i år at kommunestyret i Ørsta godkjende ein detaljreguleringsplan for samleveg på Øvre Mo.

Føremålet med vedtaket og planen er å få oreigningsheimel til å sikre grunnen til samlevegen. Kommunestyret har vurdert at denne samlevegen er avgjerande for å få til tomteutbygginga på Øvre Mo.

På vegner av Harry Moe klaga advokat Bjørn Kristian Hove på vedtaket. I klagen vert det i det mest vesentlege vist til at Moe er i mot vedteken arealbruk, og meiner det aktuelle arealet er kulturlandskap av høg verdi. Advokaten viser vidare til at Moe opplever å ikkje makte leve vidare dersom eigedommen hans vert lagt under asfalt.

– Det vert stilt spørsmål om storsamfunnet skal ta særlege omsyn til slike omstende, og at ein ikkje kan sjå at kommunestyrerepresentantane har fått lagt seg føre dette spørsmålet i tilknyting til reguleringsplanvedtaket, heiter det i klagen frå Hove.

Fylkesmannen har i sine merknader bite seg merke i at det gjeld ei om lag to hundre meter lang vegstrekning, og at vegen skal sikre tilfredsstillande tilkomst til eksisterande bustadfelt og eventuelt framtidige byggjesteg.

– Kommunestyret har kome til at det er eit stort samfunnsmessig behov for denne samlevegen. I saksframlegget til eigengodkjenningsvedtaket vert det vist til at denne vegen er viktig for å dekkje behovet for tilkomst til bustadområda, og det vert vist til at kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda har kome langt, og at vegen er ein viktig del av det gjennomgåande hovudsamlevegnettet, kommenterer fylkesmannen.

Han viser vidare til at kommunen har gjennomført ei gagn/skade-analyse, og at kommunen er vel kjend med Harry Moe sitt syn på saka.

– Når det gjeld den subjektive opplevinga av skadeverknaden for klagar går det fram av kommunen si klagehandsaming at det ikkje er grunn til tvil om at også kommunestyrerepresentantane som har handsama sakna ved ulike høve har hatt kjennskap til dei faktorane advokaten viser til, seier fylkesmannen.

Og godkjenner dermed kommunestyret sitt vedtak.