– Ørstafjordkryssinga var nemnd i statsbudsjettet for 2015. Vi hadde vel kanskje trudd at vi skulle få vår del av potten på 600 millionar som var sett av til planleggingsmidlar. Då er det skuffande at dei seier at det kan ta år. Vi må kome i gang med planarbeidet. Det er viktig, seier Paul Kristian Hovden (KrF).

I brevet som er signert avdelingsdirektør Kjetil Strand, seier han at Ørstafjordkryssinga er ei av svært mange strekningar på E39 i vår region. Dei er bedne av departementet om å sjå på kryssingsalternativ frå E39 mot Hareidlandet, både i området for Eiksundsambandet og andre mulege alternativ.

– Dette er vi nøydde til å sjå i samanheng, og vi må starte utgreiingar i dette området i løpet av 2015. Det vil så måtte verte laga ein eigen kommunedelplan for Ørstafjordkryssing i vår regi.

Og det er konklusjonen her som kan ta fleire år, melder Strand.

– Eg oppmodar politikarane om å spele inn meiningane sine til vegvesenet. Politisk påverknad er viktig, kommenterte Gunnar Wangen frå planavdelinga.

Møte

– Når det gjeld Ørstafjordkryssinga har vi det travelt, seier Hans Olav Myklebust (Frp).

Han meiner at det snarast råd må verte bestemt både kva trasé kryssinga skal følgje, og at bygginga også må skje raskt.

– Vi må vere fokusert på å kome vidare i saka sjølv om vegvesenet har god tid.

Ola Perry Saure (SP) er samd.

– Kryssinga av Sulafjorden vil uansett ta lang tid å få realisert. Ørstafjordkryssing og Voldatunnel må på plass før den tid. Det handlar ikkje om at vi skal konkurrere ut Hafast. Det er aksept for at Hafast er valt som framtidig trasé, seier han.

Formannskapet vart samde om å formulere ein uttale til neste møte, som dei vil spele inn for vegvesenet.

– Vi bør også invitere til møte. Rundt same bord løyser vi ulike utfordringar. Det har vist seg fleire gonger, seier Paul Kristian Hovden.

Ørstafjordkryssinga skal føre gjennomgangstrafikken utom Ørsta sentrum. Det hastar å få på plass dette, meiner Ørsta formannskap.