- Dette er ikkje den lengste fjellturen, men du for ei utsikt det er frå toppen, reklamerer  Sæbønes.

Han oppmodar alle som vil gå med han om å gje ein hundrelapp til Kirkens Nødhjelp. Sæbønes fortalde om ideen om ein fjelltur til inntekt for ei god sak på Facebook fredag, og allereie no er det klart at det vert med både ein ordførar og ein prest i turfølgjet. For Rune Hovde og Arne Moltubakk har sagt ja med utropsteikn. Og Bente Hjertenæs i Kirkens Nødhjelp jublar over initiativet.

Betre liv

Rune Sæbønes har byrja eit nytt og betre liv, og vert stadig observert anten i ein gymnastikksal på spinningsykkel eller i skiløypa. Vekta har vorte meir komfortabel, noko Sæbønes fortel er ein følgjeskade av å vere aktiv, og 51-åringen kjenner seg som eit nytt menneske over å presse hjartepumpa og sveitte saman med andre.

- Dørstokkmila kan vere svært høg. Trimmar ein saman med andre er det mykje kjekkare, ja, det er moro å presse seg litt saman med venner og kjende, reflekterer Sæbønes.

Fjellturar har det ikkje vore noko av på tretti år, men no vil han altså setje i veg til populære Sæbønestua for ei god sak, der stigen startar i byggjefeltet på Sæbøneset. Fjellfolket karakteriserer turen som middels krevjande og eigna for vaksne.

Bratt

- Det er vel ikkje meir enn kring 500 meter til toppen, men det er ein ganske bratt tur i byrjinga. Og berre for å seie det: Det kan ta si tid å gå turen for meg. Eg er på langt nær i den forma fjellgeiter har. Ergo kan det verte ein tur for dei fleste, vurderer den trimglade mannen.

Turen vert gjennomført når snøen har bråna, truleg i starten av mai.

- Då håper eg mange vil vere med, seier Møre-Nytt-redaktør Rune Sæbønes.