Ørsta leverte ein svært god haustsesong resultatmessig i 4. divisjon avdeling 1. Laget tok juleferie med seks sigrar, ein uavgjort kamp og eit tap.

Laurdag var Bergsøy 2 motstandar på bortebane. Det vart ein tett kamp der det var lite som skilde laga på resultattavla. Etter 22 minutt av 1. omgang var det ingenting som skilde laga på stillinga 8-8. Sigrid-Amalie Romestrand og Monika Brandal Moe skåra to raske mål og sende Ørsta i føringa. Gjestene avslutta omgangen sterkt. To skåringar og Silje Anette Sandnes Nupen og Rakel Sofie Bjørdal gjorde at Ørsta gjekk til pause med 14-9-leiing.

I starten av 2. omgang auka leiinga for gjestene, men utover i omgangen knappa Bergsøy 2 innpå Ørsta. Med elleve minutt att av kampen reduserte tidlegare Volda-spelar Kristine Vike til 19-20. Bjørdal gav Ørsta tomålsleiing før Vike igjen var frampå. Med fem minutt att av kampen skåra Bjørdal sitt tiande mål i kampen og gav Ørsta leiinga 22-20. Det vart ikkje fleire skåringar og Ørsta starta 2018 med siger.

Søndag kjem Hødd på besøk i Ørstahallen.