I januar skal redaktøren til Møre-Nytt, Rune Sæbønes, på seglas over Atlanterhavet. Då må vekta ned og forma opp.

Difor har han starta eit trenings- og kosthaldsprosjekt med god hjelp frå bygdefolket på Sæbø. Her kan du lese tankane hans så langt. Det er mange kilometer og kilogram att før kroppen er budd på reisa.

Du ser på deg sjølv i spegelen. Det er ikkje slik du ynskjer å sjå deg sjølv. Du ser deg på eit bilete som er teke frå ein posisjon du ikkje sjølv ynskjer. Det er ikkje heilt bra. Du har vorte for stor, Rune.

Nei, det er ikkje difor eg har teke tak i livet mitt, og prøver å verte ein ny og betre mann. Folk må få sjå ut akkurat slik dei er skapte, og akkurat slik dei vil.

Ja, eg har starta ein slankekur. Ja, eg har starta på eit såkalla nytt og betre liv. For meg handlar det om å kome i form. Eg har vore så gapen at eg har tinga plass på ein seglbåt over Atlanteren i januar. Då handlar det om å vere i ein fysisk skapnad som ikkje går utover dei andre om bord.

Dessutan har eg eit yrke der eg sit meir på ein kontorstol enn godt er, og det har ført til at kondisjonen ikkje er slik han burde vere. Og så er eg for glad i cola og feit mat. Difor har eg byrja å trimme. Difor har eg erstatta pølser med tomat.

Difor har eg bedt om hjelp frå sambygdingane mine. Dei passar på meg, trimmar saman med meg, og går tur saman med meg. Det varmar mest meir enn sjølve trimøkta.

Men lat aldri ynsket om å kome i betre form handle om korleis du ser ut.