– Eg har hatt hjelp frå dei tre kjekke damene i teamet for kvardagsrehabilitering. Når folk er så kjekke som dei, har det veldig mykje å seie for framgangen, fortel Berta.

Det var den 30. mars at ho hadde eit fall på kjøkkenet, og med eit lårbeinsbrot som resultat. Etter fire dagar ved Volda sjukehus vart ho flytta over til korttidsavdelinga på Ørstaheimen. Der fekk ho tilbod og  lese om kvardagsrehabilitering.

– Eg tenkte med det same at dette ville eg vere med på, og det vart ordna med kontakt, fortel Berta.

Teamet for kvardagsrehabilitering i Ørsta har halde på i eitt og eit halvt år. Teamet tilbyr ei rehabilitering der opptrening i daglege gjeremål skjer i eigen heim.

– Vi skal hjelpe til med å kartleggje situasjonen, setje klare mål, og få tiltaka gjennomført. Der alternativet tidlegare kanskje var heimesjukepleie, og at ein skulle verte hjelpt, handlar kvardagsrehabilitering om å hjelpe til med at folk vert sjølvhjelpte, fortel teamleiar Monica Gustavsen.

Berta Ølnes Finnes var veldig klar på at ho ville verte sjølvhjelpt igjen. Ho ynskte ikkje å ha pleie.

Ergoterapeut Gustavsen, sjukepleiar Sigrun Halkjelsvik og fysioterapeut Karen Øie, som er i teamet for kvardagsrehabilitering, sette seg saman med Berta og gjorde ei systematisk kartlegging.

Framgang

Måla var å gå med rullator og krykker, å dusje trygt, å gå i trapp, å lage seg mat, og kunne vitje sonen.

– Oppgåva vår vart då å støtte og motivere Berta til å trene i dei ulike kvardagselge aktivitetane ho ynskja å meistre, slik at ho på sikt skulle bli trygg til å utføre aktivitetane på eigahand. (Fjerne??sjå til at Berta trente på dei oppgåvene ho fekk). Vi har vore til stades fire gonger i veka, trent og sett til at Berta gjennomfører øvingane sine. Det har vore stadig framgang, fortel Halkjelsvik.

Onsdag denne veka var Berta hos legen. Han skrytte av framgangen hennar. Det viser seg at brotet var ganske komplisert, og at det vil ta litt tid før det er grodd slik det skal.

Men Berta er sjølvhjelpt igjen. No greier å gå utan rullator viss ho ynskjer det. Ho kan gå i trapper, dusje sjølv og ho lagar sin eigen mat.

– Då eg bestemte meg for å takka ja til tilbodet om kvardagsrehabilitering, var eg ikkje i tvil om at det var det rette. Eg ynskte ikkje å synest synd på meg sjølv. Eg kjende meg litt utrygg, men då har det vore flott å få hjelpe frå desse damene. Det er fantastisk av Ørsta kommune å ha fått til dette. Dei får jo så mykje kjeft elles, seier Berta med eit smil.

Ho er overtydd om at den måten hjelpa har vorte gjeve henne har medverka til at ho har kome seg raskare til. Viss ho skulle ha kome inn i ein periode med tradisjonell pleie, fryktar ho at ho kunne ha vorte for «godt vand» med å ta mot hjelp framfor å yte sjølv.

Fire veker er den normerte tida for kvardagsrehabilitering. I Ørsta er tenesta organisert tverrfagleg, og også heimesjukepleia er involvert.

– Det vil seie at også heimesjukepleia medverkar i opplegget, og at også dei tilsette der i større grad tenkjer kvardagsmeistring etter å ha sett kvardagslege mål på kva ein skal greie, seier Gustavsen.

Ho og teamet er no ferdige med å kvardagsrehabilitere Berta.

– Men de er hjarteleg velkome hit på besøk igjen. Og kanskje kan vi møtest på kafe, insisterer Berta.

Dette er kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging i folk sine heimar. Målet er auka livskvalitet og eigenmeistring.

I Ørsta har teamet for kvardagsrehabilitering eksistert i snart eitt og eit halvt år. Teamet er tverrfagleg med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar, i tett samarbeid med heimebasert omsorg.

Målgruppene for kvardagsrehabiliteringstenesta er dei som søkjer helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller som søkjer om meir teneste.

Det er vidare dei som opplever utfordringar og kvardagen etter sjukdom eller skade. Det er dei som opplever ein reduksjon i funksjonsnivået, eller har risiko for å misse funksjon.

Kvardagsrehabilitering er ein ny måte å tenkje heimebaserte tenester på. Det handlar om å gå inn tidleg og hjelpe breitt i håp om at brukaren blir i stand til å bu heime lengst mogleg og meistre kvardagslege oppgåver.

Den som tek i mot kvardagsrehabilitering vert motivert til å klare seg sjølv, og vedkomande må ynskje å vere aktiv og bu heime.

Teamet, eventuelt saman med heimesjukepleia, vil samarbeide med brukarane å nå definerte mål. Måla vert sette opp i samarbeid, og skal handle om det brukaren meiner er viktig for å meistre kvardagen.