Laurdag 10. desember skal krinstinget for fotballen haldast i Ålesund, og tidlegare denne veka vart saksdokumenta offentleggjort. Krinsstyret har kome med forslag til nivåpåmelding i klassene ni til tolv år frå 2017-sesongen.

– Både i den førre og den nye handlingsplanen til norsk fotball er det slått fast at kretsane bør tilby nivåpåmelding i barnefotballen. SFK har ikkje hatt ei slik formell nivåpåmelding tidlegare. Når kretsstyret nå anbefaler dette innført er det både med bakgrunn i at dette nå er innført i de fleste kretsane, i tillegg til at vi ser eit aukande behov for å kunne justere puljeoppsetta i forhold til nivåa på laga. Men kretsstyret er svært opptatt av at dette blir gjort riktig i klubbane og at ei slik nivåpåmelding ikkje medfører tidleg selektering innanfor lagmiljøa, heiter det i forslaget.

Det vert lagt vekt på retningslinjene om lik speletid for alle i barnefotballen skal gjelde, og at dei framleis så langt det er mogeleg skal vareta prinsippet om jambyrdige motstandarar.

Krinsstyret legg opp til tre ulike nivå. Spelar/spelt mykje fotball, spelar/spelt noko fotball og nesten ikkje spelt fotball før.

– Det skal ikkje offentleggjerast kva for nivå den enkelte pulje høyrer til. Kretsstyret får fullmakt til å eventuelt slå saman årsklasser for å sikre geografiske omsyn i puljeoppsetta. Kretsstyret vert bedt om å utarbeide tydelege retningslinjer overfor klubbane om hensikta med nivåpåmeldingane og korleis dette best kan løysast i den enkelte klubb. Retningslinjene skal vere klare i god tid før påmelding.

Vil fjerne 9ar-fotball for 14-åringane

Krinsstyret har kome med forslag om at 9ar-fotball som eiga klasse for 14 åringane vert fjerna frå og med 2017-sesongen. Forslaget frå krinsstyret er at 9ar-lag som melder seg på seriane vert sett saman med 11ar-laga og deltek på like vilkår med desse.

– Kretsstyret ønsker derfor å gå tilbake til den gamle ordninga med å tilby berre ei klasse der ei samlar både 11er og 9er lag, slik vi f.eks. har det i 16 års klassene, og slik vi har hatt med eventuelle 5er lag som melder seg på – desse setjast opp i 7er klassene, heiter det i forslaget frå krinsstyret.