Det går fram av ein rapport NVE har sendt kommunen etter synfaring i samband med jordskreda 15. november.

Då gjorde skred skade på to hus, tre bilar og ein garasje. Kring 40 personar vart evakuert.

NVE vurderer den akutte faren for nye jordskred i områda som liten, og det same gjeld snøskred mot bustader.

Både på Myklebust og i Årsetdalen vert den akutte skredfaren vurdert som liten.

– Faren for snøskred er også liten, men ved mykje regn og snøsmelting er det fare for nye skred i same løp der jordskredet gjekk og nærliggjande løp, heiter det i rapporten.

Grøthaugen

Også ved Grøthaugen i Follestaddalen ser ein faren for snøskred som liten.

– Det er ikkje truleg at det skal kunne danne seg eit løsneområde, seier NVE.

På Vatne vurderer NVE sjansen for fleire jordskred frå same løp som liten då det ikkje er att særleg med massar i sida som kan kome ned. NVE har ikkje vurdert snøskredfaren knytt til fritidsbustadene i området, då dei ikkje kan prioritere dette.

Ikkje detaljert

NVE presiserer at rapporten frå synfaringane ikkje er å rekne som ei detaljert kartlegging av skredfaren. Det vil krevje meir inngåande analysar.

Ørsta kommune er førebels prioritert for nasjonal skredfarekartlegging i løpet av 2014. Årsetdalen og Grøthaugen vil truleg verte grundigare kartlagt då.

Møte

Onsdag heldt kommunen eit samrådingsmøte med dei som vart råka av skred og evakuering på Årset og Myklebust.

Frå kommunen møtte leiar for omsorgsgruppa, kommuneoverlegen, kommunalteknikk og planavdelinga for å leggje fram rapporten, svare på spørsmål og samtale med dei som er råka.

Det er liten fare for nye skred i Årsetdalen, ifølgje NVE.