Det seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

I 2015 kolliderte 81 bilistar med dyr på vegane i Ørsta. Berre dei siste to åra har forsikringsbransjen utbetalt 3,1 millionar kroner i vårt område som følge av kollisjonar med dyr. I tillegg kjem eventuelle personskadar. Tala så langt i 2016 (1. halvår) viser at det er meldt 37 skader til forsikringsbransjen.

– Talet på kollisjonar med vilt går markant opp i oktober, og held seg høgt gjennom hausten og vinteren, seier Voll. Mørkare kveldar, i tillegg til jakt og sesongtrekk som gjer at dyra er meir i rørsle, er mellom faktorane som forklarer kvifor det er spesielt mange viltpåkøyrsler om hausten og vinteren.

Unngå ulykker

Samanstøyt med store dyr som elg og hjort fører ofte til alvorlege personskadar og store materielle skadar, særleg når hastigheita er over 80 kilometer i timen. Høg fart gjer også at det vert vanskelegare å oppdage dyr som er på veg inn i vegbana.

– Demp farta, særleg i grålysinga og skumringa, og der det er vegetasjon nær vegen. Respekter varselskilt og ver spesielt merksam ved fullmåne ettersom dyra er meir aktive då, seier Voll.

Eigendel og bonustap

Du har plikt til å melde frå om påkøyrsle av dyr, enten det er husdyr eller vilt. Å etterlate skadde dyr er straffbart.

– Det er ingenting å tene på å ikkje melde frå om du har køyrt på eit dyr. Du risikerer verken bonustap på forsikringa eller å betale eigendel, seier Voll.

Møre og Romsdal

• Frå 2014 til 2015 auka talet melde dyrepåkøyrsler til forsikringsbransjen med 10 prosent

• I 2015 vart det meldt 1.585 skader mellom bil og dyr til forsikringsbransjen.

• Totalt er det registrert 3.031 skader dei siste to åra med utbetalingar på 64 millionar kroner.

• I Ørsta vart det registrert 77 påkøyrslar mellom bil og dyr i 2014, og 81 i 2015.

• I Volda vart det registrert 54 påkøyrslar mellom bil og dyr i 2014, og 62 i 2015.

• I 2015 vart det betalt ut til saman 3.073.000 kroner i erstatning til bilistar i Ørsta og Volda.

Kjelde: Finans Norge, personbil under 3,5 t – påkøyrsle dyr – Alle forsikringsselskap.