– Urke Småbåtlag har på ny gjort ei stor investering. Denne gongen har vi investert i fem nye betongbrygger, fire for båtplassar til folk på Urke, og ei gjestebrygge, og ikkje minst eit flott anlegg for å ta imot Hurtigrutepassasjerar, seier Johannes Halland, leiar i småbåtlaget på Urke.

– Vi har no 48 båtplassar, 45 av dei er alt i bruk. I tillegg har vi plass til gjestebåtar, ja helga 13–14. august var det 14 båtar som gjesta hamna. Båtlaget har denne gongen investert om lag 2,2 mill. i nytt anlegg. Det meste har gått til kontrakten vi inngjekk med Marina Solutions på 1,8 mill for nye brygger, nye utriggarar og forankring av anlegget. I tillegg har vi flytta anlegget innover, seier Halland.