Kontraktspartnarane er MAN Diesel & Turbo SE og Kleven Verft. Totalverdien på kontraktane er på ca. 15 mill kroner.

Scana Propulsion og MAN Diesel & Turbo SE har inngått avtale om leveranse av framdriftsanlegg for to nye trålarar som skal kontraherast ved Karstensens Skibsværft A/S. Scana Propulsion skal levere gir, propellar og fjernstyringssystem, og begge utstyrspakkane skal leverast frå fabrikken i Noreg i løpet av tredje kvartal 2017.

Scana Propulsion skal levere framdriftsutstyr til dei to trålarane som skal byggast ved Karstensens Skibsværft A/S i Danmark.

– Vi er stolte av å ha vorte valt til endå fleire fartøy innanfor fiskeri og havbruksnæringa, og takkar for tilliten kundane våre har vist oss. Scana Propulsion har fått fleire viktige kontraktar på leveransar til fiskefartøy den siste tida, noko som stadfestar den sterke posisjonen til selskapet i dette segmentet. I ein stam marknad er det hard konkurranse blant marknadsleiande aktørar, og det å vinne kontraktar er ei stadfesting på Scana Propulsion si konkurranseevne, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Scana Volda AS.