– For meg har det vore ein dårleg førsteslått. Frå marka mi nedanfor huset mitt som er på 45 mål vart det 27 rundballar. I fjor hadde eg 33. Men eg lid inga nød, for eg har igjen ein del frå i fjor. Så eg skal klare meg i vinter også, smiler den blide bonden frå Follestaddalen, Svein Gunnar Myklebust.

Myklebust har gard i Follestaddalen og er leiar for Follestaddalen Bondelag. Han byrja slåtten 17. juni og brukte vel fire dagar på å slå. Han trur kanskje det tørre vêret i vår har påverka avlinga. Det er likevel vanskeleg å seie, for han veit om andre bønder i dalen som har hatt ein god førsteslått. Han kjenner også til andre bønder som har hatt det verre.

– Og dei har vorte oppmoda om å kjøpe rundballar no, for det kjem til å bli rift om dei seinare, opplyser han.

For Geir Hole, leiar for Bondelaget i Ørsta, har situasjonen vore annleis. Hole, som har gard på Vartdal, melder om ein over middels god førsteslått, og god kvalitet på graset. Han byrja slåtten 16. juni og brukte om lag ti dagar på å slå marka på rundt 200 mål. Førsteslåtten resulterte i 90 rundballar og 240 kubikk med silo.

– Førsteslåtten har gått greitt. Men det vart veldig vått på slutten. Det hadde vore lettare å arbeide om det var tørt, seier han.

– Slik eg forstår det har dei fleste bøndene eg har prata med stort sett hatt ein bra førstelått. Men eg har høyrt at dei som bur i indre strøk ikkje har hatt like mykje regn som oss i vår, og kanskje difor ikkje har fått like gode avlingar.

For Magne Riise på Sæbø har det også vore ein god førsteslått.– Slåtten gjekk bra. Det har vore eit ordinært år, seier han.

Von om fuktig vêr

No står gjødslinga av markane for andreslåtten att. Bøndene håper på fuktig vêr framover, for det er både godt for gjødslinga og gjenveksten av graset.

– Slik det teiknar no trur eg andreslåtten vert bra, meiner Geir Hole.

Det vonar også Myklebust.

– Bønder vil ofte ha regnet som ikkje andre vil ha, ler bonden frå Follestaddalen.