Sikta var sjølvstendig næringsdrivande, og i ein periode på to år unnlét han å føre eller sørge for å få ført rekneskap for verksemda. Då han leverte sjølvmeldinga for 2012 til Skatt midt Noreg opplyste han ikkje at han hadde hatt 316.940 i kroner i næringsinntekt, til trass for at han forstod eller burde forstå at det kunne medføre skattemessige fordelar. Dei manglande opplysningane medførte at han ikkje betalte minst 101.480 kroner i skatt.

Då han leverte sjølvmeldinga for 2013 opplyste han ikkje om næringsinntekter på 218.563 kroner. Dei manglande opplysningane medførte at han ikkje betalte minst 60.343 kroner i skatt.I retten erkjente mannen seg straffskyldig etter siktinga, og samtykka til at saka vart avgjort ved tilståingsdom.

Retten meiner at mannen handla forsettleg, og både dei subjektive og objektive vilkåra for straff var oppfylt. I formildande retning la retten vekt på tilståinga til mannen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømt til fengsel i 45 dagar. Mannen erklærte at han tok omtenkingstid.