Han er nominert saman med verksemdene Weber og Klaveness nominert til prisen som er rekna å vere den viktigaste utmerkinga til dyktige handverkarar og eldsjeler innan bygningsvern og tradisjonshandverk.

– Konkurransen har vore tøffare enn nokon gong. Aldri har det kome så mange forslag til Bygg og Bevar-prisen som i år.

Fleire enn 40 utmerka kandidatar, representantar frå dei fleste handverksfag, rådgjevarar og formidlarar har vorte foreslått frå alle landsdelar. Av desse måtte juryen plukke ut berre tre, seier Sigrid Solheim Murud i Bygg og Bevar.

Juryen grunngjev nominasjonen av Inge Kolås AS med at dette er ei byggmeisterbedrift med eit engasjement langt utover det vanlege. Bedrifta vart starta i 1986, men helt sidan svennebrevet var i hende i 1976, har oppdraga på den eldre bygningsmassen vore Kolås sin spesialitet.

«Der andre såg forfall og ville rive, såg han moglegheiter. Fleire bygningar er redda og står i dag som bevis på at alt er mogleg. Siste tilskot på lista er eit prosjekt som kan ta pusten frå dei fleste; eit skikkeleg kråkeslott. «Erkegården» ligg på Bjørke i Hjørundfjorden, og vert omtala som «spøkelseshuset på Bjørke».

Juryen seier at verksemda leverer kvalitetshandverk til private og offentlege oppdragsgjevarar. i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. På oppdrag frå Riksantikvaren og fylkeskonservatoren har Inge Kolås AS også utført registrering av alle freda bygningar i Møre og Romsdal. Bedrifta er i dag eit firma med 10 tilsette.

I det innsende forslaget til komiteen heiter det: «Gjennom opplæring, kurs og kompetanseutvikling, gir han (Inge Kolås red. merk.) dei tilsette kompetanse og tyngde når det gjelder bevaring av lokale antikvariske bygg og kulturminne og gamle byggjetradisjonar på Sunnmøre. Alle tilsette har derfor mange års erfaring i lokal byggeskikk og har ein unik fagleg kompetanse.

Dei andre nominerte er Weber Saint-Gobain Norge ved Camilla Sandem Dhelie på Lillestrøm og Målarmeister Ole Andreas Klaveness i Oslo.

Vinnaren vert kåra den 4. desember.

Juryen er samansett av leiar Sjur Mehlum, Riksantikvaren, Jørgen Leegaard, Byggenæringens Landsforening og Kari-Marte Frøyset, redaktør i magasinet Norske Hjem.