Ottar Grepstad (64) humrar på sin karakteristiske måte. Skuldrene lett opp under øyra. Armane i kors. Lett risting. Eit skjult smil.

Direktøren for Nynorsk kultursentrum har halde stand i leiarstolen i nitten år. I Ivar Aasen-tunet sidan opninga i juni 2000. Han fått vere med på å forme innhaldet i det som har vorte ein unik nasjonal og lokal kulturinstitusjon for den nynorske skriftkulturen med skriftspråk og dialektar. Ein jobb han har teke på stort alvor. Ivar Aasen har vorte som ein følgjesvein. Aasen-tunet ein andre heim. 1. november vert han pensjonist. Då ligg verda for Ottar Grepstad sine føter, nett som for Ivar Aasen for 200 år sidan. Like rastlaus, like søkande. Og også litt rotlaus.

Den gongen: Direktør Ottar Grepstad på galleriet i biblioteket i Ivar Aasen-tunet, april 2000.

– Eg reknar meg som etnisk jølstring. Det er det som er heime for meg. Men eg har aldri budd der fast.

Alt har ei forklaring. Det er også difor Grepstad, mannen som er over snittet oppteken av god bruk av nynorsk, aldri moraliserer over dei som har problem med å halde på språket sitt. Dei som legg om når dei flyttar frå heimbygda til dømes. Han er ein av dei sjølv.

– Eg hadde lærarforeldre, begge frå Jølster. Dei flytta ein del rundt, saman med meg og mine tre søsken. Eg er fødd i Øyer i Gudbrandsdalen, og er oppvaksen i Ryfylke, midt mellom Haugesund og Sauda. Då vart dette med kor «heim» er eit viktig poeng. Vi skulle alltid «heim» til Jølster i feriane. Det vart vårt faste haldepunkt.

Han var skuleflink og hadde lærarfar. Ein kombinasjon som gjorde Grepstad til eit mobba barn.

– Difor fjerna eg Ryfylke-dialekten. Bestemte meg mentalt for at dette språket var ikkje mitt. Og så har eg stått her i vaksen alder og snakka om språk og identitet i fleire tiår, etter at eg sjølv fjerna eit språk for å kunne klare å ta vare på min eigen identitet. Det går ikkje i hop, veit du.

Meir humring.

Sidan har han snakka slik det har falle han inn. For det meste normert nynorsk. I alle fall i offisielle samanhengar.

– Eg har sjangla rundt i det store språkmangfaldet heile tida. Ein periode eg var mykje med trønderar, enda eg opp med å snakke skaptrøndersk. Det er mange grunnar til at folk snakkar som dei gjer. Difor moraliserer eg ikkje. Men korleis dei skriv og kva dei skriv, det er noko heilt anna.

I dag er han glad i Ryfylke. Forfattar Kjartan Fløgstad har mykje av æra for det. Då han gav ut romanen Dalen Portland i 1977, gjenoppdaga Grepstad barndomsspråket.

– Der var alt eg hadde gøymt og gløymt. Ordspela og alle dei spesielle orda. Den fyren har eit språkøyre av ei anna verd. Det er ei fantastisk bok, og for meg er ho heilt spesiell.

Litteratur og politikk

Vegen frå Ryfylke gjekk vidare til gymnas på Bryne. Ei svært viktig tid, skildrar Grepstad. Her fall ting på plass, både fagleg og personleg. Det var full klaff. Sidan vart det Bergen for samfunnsfag og seinare litteraturstudium. Hovudoppgåva handla om kampsongane frå EF-striden. Politikk har alltid engasjert han.

– Eg melde meg inn i Venstre i 1971 etter å ha vore på eit AUF-møte med Rune Gerhardsen. Litt på trass. Sidan har det vore, og er framleis, Venstre for meg. Men i arbeidet har eg vore brutalt partipolitisk nøytral.

Nynorsk har det også alltid vore. Det var sjølvsagt, ikkje noko val for Grepstad. At Ivar Aasen skulle bli livsvegen, var langt frå sjølvsagt.

– Det er ein lang veg frå det å bruke nynorsk, til det å leve med Ivar Aasen.

Det var tilfeldig. Ein stillingsannonse, ein søknad. Bergen vart bytta ut med Oslo og jobb i redaksjonen til Samlaget. Framleis var Ivar Aasen ein bifigur.

Det aller heilagste: Ved skrivebordet til Ivar Aasen. Ein mann Grepstad visste lite om i oppveksten, men som no er ein fast følgjesvein.

Aasen-tunet

Det skulle endre seg i takt med at planane om Ivar Aasen-tunet tok form. Året var 1990.

– Vi sat der i Oslo og lurte på kva i all verda sunnmøringane dreiv på med no. Dei tankane endra seg etter eit par dagar, la meg understreke det.

Jostein Nerbøvik, Arne Apelseth og Ola E. Bø. Tre menn Ottar Grepstad held fram som ansvarlege for å ha fått stabla Ivar Aasen-tunet på beina.

I 1994 flytta Ottar Grepstad til Volda med si dåverande kone og barn. Grepstad jobba med planar for Ivar Aasen-året 1996. Slik kom han under huda på språkmannen frå Ørsta. Eit frø var sådd.

Planane med Ivar Aasen-tunet gjekk sin gang, med Ottar Grepstad på sidelinja. Det var fakkeltog nyårsaftan 1996, ein klar vinterkveld med 1.500 menneske som gjekk opp til Aasen-tunet.

– Det var like mange som signerte på eit opprop mot etablering av institusjonen fem månader seinare, fortel Grepstad.

Der var motstand. Nokre meinte det var bortkasta pengar, all den tid kommuneøkonomien skranta.

– Dei som dreiv fram prosjektet gjorde alt rett, bortsett frå ein ting: Dei snakka for lite med folk lokalt. Det var ikkje ankerfeste i det heile i lokalsamfunnet. Og det var ein akademisk forakt også. Eg vil seie det så sterkt.

Men Ivar Aasen-tunet og overbygninga Nynorsk kultursentrum vart ein realitet. Sjølv var Grepstad heilt klar på at han ikkje skulle søke seg jobb der.

– Eg vegra meg for å gå inn i dette miljøet av folk som kunne så mykje meir om Ivar Aasen enn meg.

Så vart det ein søknad likevel. Fordi høvet baud seg. Fordi det var verdt eit forsøk. Og så fekk han jobben, vinteren 1999.

– Då vart det alvor.

Opning: «Endeleg kan direktør Ottar Grepstad ønskje velkomen til Ivar Aasen-tunet. I dag får bygdefolket delta på opning, kakefest og på ope hus», stod det å lese i Møre-Nytt 22. juni 2000.

Høgare himmel

Å vere direktør for ein nasjonal kulturinstitusjon inneber mellom anna å forstå korleis fortida pregar samtida.

– Eg ser meg tilbake heile tida. Det er berre det som er gjort og tenkt før vi kan lære av. Den beste ideen er enno ikkje tenkt. Det er det som har vore drivkrafta. Den fellesskapen eg har vore ein del av, har leita etter nye utvegar og eigne inngangar til det folk trudde dei alt visste.

Tankegangen til dei tilsette i Nynorsk kultursentrum er at dei arbeider under ein høgare himmel.

– Det høyrest religiøst ut, men det er ikkje meint slik. Det er heile grunntanken til Nynorsk kultursentrum. Ivar Aasen-tunet skal handle om Ivar Aasen, men det skal ikkje vere berre eit personmuseum, det skal vere noko mykje større. Det handlar om alt av nynorsk skrift og norske dialektar. Eg er sjeleglad for at den tanken vart etablert allereie frå starten av.

Motstanden meiner Grepstad er historie.

– Det vil alltid vere dei som meiner at det vi held på med her er berre tull. Eg vil vere overraska om det ikkje er slik. Men arbeidet vi har gjort her handlar om å gjere terskelen for å kome hit låg, og vegen opp til tunet flatast mogleg.

Dei har invitert til hundrevis, ja tusenvis av arrangement i tunet. Ivar Aasen-tunet har ei nasjonal rolle og vert brukt lokalt. Og dei har vekse seg større. Vinje-senteret og Hauge-senteret er to andre avdelingar i Nynorsk kultursentrum. I tillegg driv dei tre festivalar, ni nettstadar og leksikonet Allkunne.

– Vi forstår at vi har fått til noko. Kor bra og viktig det er, må andre vurdere. Eg skal vere så frimodrig at eg meiner det. Og eg kan gå så langt å seie at eg har fått sett mitt preg på det, som kvar einaste direktør ville ha gjort. Vi har brukt tid på å finne våre eigne forteljingar, eit sjølvstendig blikk og ei ny forståing for det vi held på med. Vi har prøvd å bruke definisjonsmakt, og eg meiner at vi har klart det. I arbeidet med visjon og strategi sa ein medarbeidar for mange år sidan: «Kva hadde vi vore utan kvarandre?». Slik jobbar vi i alle avdelingane. Den som tek over min jobb vil finne mange skåpdører, ingen skjelett, men mykje papir. Det er ingen ryddejobb som ventar.

Gir seg

Så kvifor gi seg i ein jobb som må vere draumen for ein mann som har produsert 19.000 sider i bokform, i tillegg til å boltre seg i det nynorske språket kvar einaste arbeidsdag? Ein draumejobb for ein språkelskar og litteraturvitar.

– Mi redsle, for å bruke eit sterkt ord, har vore å bli sitjande for lenge. Der kjem nok dagar der eg vil kjenne sakn. Men det er betre enn alternativet, at eg skal oppdage at eg har sete for lenge.

Skrivinga og språket tek han med seg vidare. Kvar vegen går veit ikkje Grepstad noko om enno.

– I all hemmelegheit sat eg under OL og sjekka reisepakkar til Ski-VM i Seefeld i februar neste år. Dels for å ta i mot Therese Johaug, på topp, og dels fordi eg har tid. Eg skal ikkje sitte og skrive søknad om driftsmidlar til Kulturdepartementet, eller levere årsrekneskap til revisor. Eg kan gjere det eg vil. Men nokon sjuande far i huset vert eg ikkje. Eg legg på meg karantene ei tid. For det er slik med meg, at om eg vert beden om å meine noko, så meiner eg noko. Det kan vere greitt med ein pause.