I denne utgåva har eg smaksett den syrlege limonaden med søt honningmelon og frisk mynte. Drikken kan minne om ein mojito på smak, og fungerer ypparleg som alkoholfri drink i sommarvarmen når du treng avkjøling.

Ingrediensar til ca. 4 glas:

• skalet frå 1 sitron + 2 lime

• 2 dl sitron- og limesaft (eg brukte 1 stor sitron og 2 lime)

• 150 g sukker

• 1 kg honningmelon

• ca. 5 dl vatn/Farris

• fersk mynte, til servering

• isbitar, til servering

• melonkuler, til servering

Riv skalet på sitron og lime fint på eit rivjern og ha det i ein kjele saman med sitron- og limesaft og sukker. Gi det eit lite forsiktig oppkok og lat det deretter småputre litt i 4–5 minutt, til sukkeret er oppløyst og du har ein sukkersirup. Sett til avkjøling.

Del melonen i to og fjern frø og kjerne. Skrap ut alt fruktkjøtet frå melonen og ha det i ein bolle. Bruk ein stavmiksar og køyr det til glatt puré. Bland saman den avkjølte sukkersirupen med melonpuré og rør godt rundt. Tilset enten vanleg vatn eller Farris og bland saman. Server drikken umiddelbart saman med rikeleg av isbitar, fersk finhakka mynte og eventuelt melonkuler. Melonkulene lagar du ved å bruke ei lita rund kuleskei som du grev ut kulene med frå ein heil melon.

Mari-Lene Korsnes

Helgamat: Helgamat er Møre-Nytt si matspalte, og står på trykk i avisa kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten. Om spaltisten: Eg heiter Mari-Lene Korsnes og er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeidar og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging! Foto: Marius Myklebust