Ordførar Jørgen Amdam (Ap) legg ingenting imellom i brevet han har sendt til Statens vegvesen om trafikksituasjonen på E39 gjennom Volda sentrum.

– Sist veke var det igjen eit trafikkuhell i Volda sentrum. Heldigvis gjekk det bra, med berre materielle skadar, skriv ordføraren i brevet som er datert 10. oktober. Han viser til eit trafikkuhell ved innkøyringa til Kiropraktorsenteret, like ved krysset til ferjekaia. – Ferjekaikrysset er elles ein gjengangar i diskusjonen om trafikktilhøva i sentrum. For trongt kryss og manglande forbikøyringsfelt gjer trafikksituasjonen vanskeleg både for trafikkavviklinga til og frå ferja og for trafikken på E39, skriv Amdam. Amdam viser også til store problem med trafikkavviklinga i krysset mot Øyra-området (Coop Mega) og i krysset mot Industrigata. – Trafikken er stadig aukande, og innslaget av tunge bilar er stadig større, hevdar ordføraren.

Snarleg møte

No krev han eit snarleg møte med regionvegsjefen for å drøfte strakstiltak på strekninga, og for å få til betre koordinering av pågåande planar og tiltak i området.

Etter opninga av Kvisvegen og omlegginga av E39 vart det frå kommunen, Statens vegvesen og samferdselsutvalet i fylket sett fram klare føringar for at det måtte bli gjennomført tiltak i Volda sentrum før vegopninga i 2012. Amdam er ikkje nøgd med oppfølginga frå vegvesenet si side i etterkant av dette.

– Det vart sett i gang eit arbeid av Statens vegvesen, men lite er gjort. Heile tiltakspakken enda til slutt opp berre med utskifting av lysa langs E39, og at eit fotgjengarfelt vart fjerna. Tiltak som nedsett fartsgrense og fartsreduserande tiltak skulle også setjast i verk, men har ikkje blitt prioritert av Statens vegvesen. No må noko gjerast før vi får ei alvorleg ulykke, er den klare meldinga frå Amdam.

Lensmannen vil ha tiltak

Som Møre-Nytt har skrive tidlegare, har også lensmann Guttorm Hagen engasjert seg i saka. Han skriv særleg om krysset til ferjekaia/Vikeneset, og foreslår skogrydding, og fartsdempar som tiltak, men ser det ikkje som naturleg å redusere fartsgrensa til 40 km/t.

– Fartsgrensa på 50 km/t synest passande, meiner Hagen.

– For dårleg samordning

Det er for tida mange planprosessar i gang som får direkte eller indirekte konsekvensar for trafikken gjennom sentrum:

– Voldatunnelen, med tilhøyrande opprusting av dagens veg til Furene.

– Plan for ny bru over Øyraelva, som skal fjerne flaskehalsen ved krysset Industrigata.

– Ny miljøgate gjennom Volda sentrum.

– Ny ferjekai i Volda sentrum.

– Bypakke/bompengepakke for Volda og Ørsta (bompengefinansieringa av Voldatunnelen og andre, mindre samferdselstiltak i Volda og Ørsta.

Amdam meiner dette arbeidet ikkje er godt nok koordinert.

– Det er vanskeleg både for kommunen og andre å halde seg à jour med status for desse arbeida, og ha oversikt over korleis det er koordinert. Vi ønskjer ei orientering om korleis desse prosjekta blir samordna.

Han viser til dømet med ny ferjekai, som hasta slik med å få i gang at det vart handsama som dispensasjonssak av kommunen. Kommunen stilte her krav om ei utforming som er tilpassa dei andre utbyggingane i sentrum.

– Etter vår handsaming har utbyggingssaka tydelegvis stoppa opp? Vi har iallfall ikkje fått tilbakemelding om korleis vilkåra våre om tilpassing er tenkt imøtekome. Litt underleg er det også at saka om utbygging av ferjekaia no dukkar opp som aktuelt tiltak i ein bypakke for Volda og Ørsta, undrar Amdam. Han ber om eit snarleg møte med vegvesenet om saka.

<strong>Krev tiltak:</strong> Jørgen Amdam meiner trafikksituasjonen gjennom Volda sentrum bør følgjast tettare opp, og at dei forskjellige planane for samferdsel i sentrum må samordnast betre.