Ekstremsport og friluftsliv står nært hjarterota til Matias Kragset Brekke. For fire år sidan opna han augna for kiting og paragliding – ein luftsport som trollbinda han kjapt. Er forholda bra, skal det mykje til for å finne han ein annan stad enn i lufta.

Livet i lufta

Interessa for luftsport byrja då Matias gjekk på helikopterskule i USA, men han fann etterkvart ut at draumen som pilot ikkje var heilt som han hadde forstilt seg, og reiste difor heim. Tanken om å vere i lufta derimot, fekk han verkeleg sansen for. Han melde seg difor på nybyrjarkurs i paragliding i Ålesund. Ein sport som viste seg å vere perfekt for Matias.

– Paragliding gir meg så mykje, og eg har vorte svært avhengig av det. Med ein gong det er vêr for flyging, vil eg ofte ofre andre planar til fordel for å fly. Det er ei ubeskriveleg kjensle gå i eitt med naturen. Ein gløymer alt av tankar og tid; for i lufta må all fokus vere på flyginga, fortel Matias.

Det krev både bestått teoretisk og praktisk kurs og testar, så vel som økonomi til å betale for utstyr og kurs til sporten. Men kanskje er det aller viktigaste at ein er nøydd til å jobbe med seg sjølv på det mentale plan, der konsentrasjon, fokus og tryggleik er nøkkelord.

– Det krev svært mykje fokus og konsentrasjon for å fly. Eg vil seie at ein jobbar meir psykisk enn fysisk. Naturen og kreftene er uføreseielege, og ein må heile tida følgje med på vêr og vind, instrument og utstyr, og andre forhold.

Rette forhold

Ikkje berre må ein ha sertifikat, utstyr, psyken og treninga i sporten, men også vêret må vere etter rette forholda for himmelseglarane. Dei som driv med paragliding og annan luftsport er difor kanskje over gjennomsnittet interessert i vêret.

– Paragliding er heilt avhengig av sola, for sola står for oppdrift. Det bør heller ikkje vere mykje vind. Det optimale er at vinden er rundt null, men det skjer sjeldan. Vi som driv med denne sporten kan ofte sitte og vente fleire timar på bakken i håp om betre forhold, og mange gonger har vi måtta gått heim utan å ha vore i lufta. Andre tider har vi hatt null forventing og vorte positivt overraska. I denne sporten veit du aldri heilt kva som møter deg. Men vi har eit ordtak som seie at det er betre å stå på bakken og ønskje ein var opp i lufta, enn å vere i lufta og ønskje ein var nede på bakken. Dette demonstrera betydninga av å ikkje presse grenser ut ifrå flygeforhold – og eigen konsentrasjon, forklarar Matias.

Himmelseglarar

I nærområdet er Bondalseidet mykje brukt av paraglidarar. Her møtes himmelseglarane i Volda og Ørsta Himmelseglarlag jamt og trutt. Men også Brekkeheida er ei populær base for flyging.

– Men den finaste turen er å slite seg opp på Vallahornet for så å nyte kjensla av å kunne fly ned att. Det hender seg eg er litt lat med å gå så langt for å fly. Det vert kanskje betre når eg ein gong i framtida investera i lettvektsutstyr.

Sjølv om utstyr og nybyrjarkurs er noko dyrt, vil Matias anbefale sporten på det varmaste for dei som er interessert. Kurs finn ein både i Ålesund og Ulsteinvik/Hareid. Det finst også intensivkurs i mellom anna Oslo og Voss.

– Men den viktigaste oppmodinga eg kan kome med er at ein bør drive med ein fysisk aktivitet der ein kjenner meistring. Å meistre mål ein set seg er ei fantastisk kjensle, og heng mykje i lag med mental helse, meiner Matias.

<strong>Øving:</strong> Her, våren 2011, prøver Matias paragliding for første gong på eiga hand. Han og andre himmelseglarar tek ofte i bruk Vekslet (Ose) til å leike seg, og trene på mellom anna startteknikk. Foto: privat