Resultata for bygdene i Ørsta kommune er no talde opp. Røystene fordeler seg slik:

PartiVartdalSæbøBjørkeFørehandsrøyster
SV0,85,21,63,1
Ap18,29,48,217,1
MDG1,12,19,83,8
Sp31,765,252,520,4
KrF6,83,814,810,9
V8,914,95,8
H8,75,63,322
Frp23,87,74,917
Sum100100100100
Totalt 370 røyster (855 røysteføreTotalt 289 røyster (604 røysteføre)Totalt 61 røyster (108 røysteføre)Totalt 850 røyster

(Tal i prosent)

Sentrum krins er framleis ikkje talt opp.

Ikkje overraskande er det Senterpartiet som dominerer i desse områda. Dei fekk også flest førehandsrøyster.

Totalt har Senterpartiet no 32,5 prosent av røystene. Frp er på andreplass med 16,4 prosent.

– Vi gjer eit godt val. Det er heilt sikkert. Meir torer eg ikkje seie før vi har resultatet. Sentrum krins er ikkje med her, seier Ola Perry Saure i Senterpartiet.

Paul Kristian Hovden i KrF vedgår at han er skuffa over oppslutninga på bygdene:

– Dette er overraskande, eg håpte vi skulle lukkast betre enn dette i på bygdene. Vi prøver å nå dei også, men signalet så langt er klart, seier han til Møre-Nytt.

Jostein O. Mo i Arbeidarpartiet er avventande:

– Eg hadde rekna med at Senterpartiet ville gå fram. Men måten vi tel opp på no, gjer dette vanskeleg å følgje. Vi må avvente sentrum, for landstrenden er jo tydeleg til fordel for Arbeidarpartiet. Det vil også vere positivt for Fylkestinget.

Per-Are Sørheim i Ørsta Høgre meiner også det er for tidleg å konkludere.

– Så langt kan vi slå fast at valdeltakinga er låg og at Sp mobiliserer. Resultatet i Hjørundfjorden (Sæbø krins) er ikkje overraskande. Senterpartiet har 500 røyster til no, og det er framleis 4.000 røyster att å telje. Eg trur det blir ei heilt anna prosentfordeling når alt er telt opp.

Ørsta kommune har endra på valkrinsane før dette valet. Desse tala er difor ikkje samanliknbare med krinsresutlata frå tidlegare år.

Ordførarkandidat Odd Magne Vinjevoll i Frp vedgår at Senterpartiet ser sterke ut.

– Det er tydeleg at bygdene ønskjer Senterpartiet. Resultatet her er litt for dårleg for oss. Vi får sjå om vi kjem sterkare i sentrum, eg trur kanskje det.

Volda: Ap, KrF og MDG er vinnarane

Les også: Dårleg valdeltaking på Vartdal