- Det var dårleg oppslutnad om valet i Vartdal krins. 376 av dei røysteføre deltok, og det gjev ei valdeltaking på 42,3 prosent, fortel Geir Hole i røystestyret på Vartdal.

Han var vonbroten over den låge valdeltakinga. Hole understrekar at førehandsrøystene ikkje tel med her.

- Likevel, dette var svakt.

Det vart sagt frå fleire at folk frå Nordre Vartdal og Barstadvik ikkje møtte til vallokala i VD-hallen i protest mot at krinsane på Vartdalsstranda var samanslegne.

- Men ingen har sagt dette direkte til meg, og det kan eg ikkje verifisere. Personleg sakna eg fleire vartdalingar i vallokala, men dei kan ha førehandsrøysta, seier Hole.