Førehandsrøystene i Ørsta og Volda vart gjort offentlege då vallokala stengde klokka 21. For Ørsta er fordelinga som følgjer:

Parti20112015
SV2826
Ap185145
MDG032
Sp95173
KrF10692
V7749
H178186
Frp135144
Sum804847

– Eg er overtydd om at vi kjem til å gå fram. Likevel, hugs at Norangsfjorden fekk førehandsrøyste på Urke. I det området står vi tradisjonelt sterkt, og det har nok påverka det gode resultatet i førehandsrøystinga. Difor avventar eg til fleire krinsar er talde opp, seier ordførarkandidat Stein Aam (Sp) til Møre-Nytt.

Summen av førehandsrøyster har ikkje endra seg mykje sidan førre val, så årets tal er nokolunde samanliknbare med 2011.

Det er ikkje store svingningar i tala samanlikna med førehandsrøystene ved førre kommunestyreval. Unntaket er altså Senterpartiet, som går frå 95 til 173 førehandsrøyster.

Elles får Høgre og Frp marginalt fleire førehandsrøyster enn ved førre val. Arbeiderpartiet mistar 40 førehandsrøyster og går mest tilbake. Også Venstre går tilbake.

Miljøpartiet Dei Grøne fekk 32 førehandsrøyster, som gjer at dei førebels ligg framfor SV (26).

Vi gjer merksam på at førehandsrøystene berre utgjer ein liten del av totalen, og at dette på ingen måte er eit endeleg valresultat.

Følg med på morenytt.no utover kvelden for meir fullstendige resultat.

Førehandsrøystinga i Volda: Ap og KrF er størstLes også: Dårleg valdeltaking på Vartdal