I årets adventskalender på SøreTV vil du bli introdusert til 24 forskjellige nissar. Bak maskene skjuler det seg 24 meir eller mindre kjente folk frå Søre Sunnmøre - eller som bur på Søre Sunnmøre. Alle kjem med hint om kven dei er, og du får vere med å gjette. Premiane, som er sponsa av lokalt næringsliv, varierer frå dag til dag.

For å vere med i adventskonkurransen sender du inn namnet på den du trur gøymer seg bak maska på e-post til tevling@vikebladet.no. Svarar du riktig blir du med i trekninga om premien for den dagen. Ein får éin dag å gjette på per nisse. Til dømes blir nissen for 1. desember avslørt allereie 2. desember - og då kan du ikkje gjette på den nissen lenger. Då kjem det ein ny nisse, med ny tilhøyrande premie.

Fyrste episode i adventskalenderen blir publisert fredag 1. desember. Følg med!

Logo laga av Bjørnar Torvholm Sævik.