SøreTV er i gong med produksjon av ny serie, og er no på jakt etter potensielle deltakarar som ønskjer å vise fram heimen sin. Bustaden kan vere alt mellom ny og gammal, og stilen kan gjerne vere litt spesiell - det meste er av interesse i planleggingsfasen. Er du den rette, eller veit om nokon, meld di interesse ved bruk av denne QR-koden eller via denne lenka.

Bruk mobilkamera på QR-koden for å bli sendt vidare til skjemaet der du kan fylle ut informasjon om bustaden.

SøreTV er ei nysatsing frå tre av dei lokale mediehusa på Søre Sunnmøre: Vestlandsnytt, Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten. Har du idéar til videoprosjekt kan du ta kontakt med videojournalist Lisa Bendal på lisa.bendal@vikebladet.no.

Vil du sende inn lesarvideo til SøreTV? Då kan du enkelt sende inn via denne lenka.